KonsesjonSkal du overta fast eigedom ved arv, gåve, kjøp eller stifting av bruksrett over 10 år, er overtakinga i utgangspunktet konsesjonspliktig. Det er fleire unntak frå konsesjonsplikta, der du kan levere eigenfråsegn om at du ikkje treng konsesjon. Konsesjonsfridom – eigenfråsegn om konsesjonsfridomDei fleste eigedomsoverdragingar er konsesjonfrie. Det betyr at du ikkje treng å søkje om konsesjon når du overtek eigedommen. I staden leverer du eigenfråsegnskjema til Høyanger kommune.Landbruksdirektoratet sitt skjema for eigenfråsegn om konsesjonsfridom:Skjema LDIR-360Etter at Høyanger kommune har stadfesta at overdragina av eigedommen er konsesjonsfri, kan du sende skøyte til Statens kartverk for tinglysing. Les kva for erverv som er konsesjonsfrieKonsesjon Dersom overdraginga er konsesjonspliktig, må du søke om konsesjon. Konsesjonspliktige eigedomar er landbrukseigedomar over ein viss storleik.l dei høve du overtek landbrukseigedom som har lovbestemt buplikt (frå nær familie), men ikkje skal busette deg på eigedomen, må du også søke konsesjon Landbruksdirektoratet sitt skjema for konsesjon:Skjema LDIR-359 Les meir om konsesjon og buplikt Les meir om bupliktHar du spørsmål?Kontakt jordbrukssjef Randi Dale på e-post randi.dale@hoyanger.kommune.no, eller på tlf: 577 11 532. Publisert avSasa Sehic Publisert04.03.2015 12.35