Koronavirus - Covid 19

Alt om korona- Høyanger kommune Korona- information in other languages  

Spørsmål i samband med vaksinering ring 992 19 398, open mån - tors, kl. 08:00 - kl. 15:00.
Spørsmål om koronavirus? Ring kommunal informasjonstelefon, 992 19 398, mån-tors kl 12:00 - 15:00 eller nasjonal informasjonstelefon: 81 55 50 15.

 

Skogtilskot landbruksveg

Skal du bygge ny landbruksveg eller bygge om ein eksisterande, må du søkje om løyve frå kommunen.

Søknadskjema

Du må også legge ved eit kart, der du teiknar inn veglina og eventuelle massetak.

Landbruksvegar skal ha skogbruk eller jordbruk som hovudformål. Om vegen i hovudsak blir nytta til anna formål, skal den handsamast som byggesak etter Plan- og bygningslova.

Skogbruksvegar kan få tilskot. Søknad om tilskot blir handsama og eventuelt innvilga av Statsforvaltaren i Vestland. Søknad skal sendast til kommunen for vurdering, og vi videresender denne til Statsforvaltaren i Vestland.

 

Forskrift om planlegging og godkjenning av landbruksvegar

Føremålet med forskrifta er å sikre at planlegging og bygging av landbruksvegar skjer på en måte som gjev landbruksfaglege gode løysingar. Det skal leggast vekt på miljøverdiar knytt til naturmiljø, landskap, kulturminner og friluftsliv, samt andre interesser som blir råka av vegbygginga.

Forskrifta gjeld bilvegar og traktorvegar som skal nyttast til skogbruk- og jordbruksdrift og som vert bygde i samsvar med vegnormalane for landbruksvegar.