Høyanger næringsutvikling
Høyanger Næringsutvikling AS (HNU) vart etablert i 1988. Kompetanseselskapet fungerer som kommunen sitt næringsapparat
Høyanger Næringsutvikling har til oppgåve å:
- Fremje utvikling av allsidig og lønsam næringsverksemd
- Yte fagleg rådgjeving til eksisterande og potensielle verksemder
- Arbeide med kompetanseheving for næringslivet
- Yte direkte tilskot ved etablering av nye verksemder
HNU er eit aksjeselskap som er eigd av:
- Høyanger kommune: 90 %
- Høyanger Næringsforum (HNF): 8 %
- Sparebanken Vest: 1 %
- Høyanger Næringssamskipnad: 1 %
Høyanger Næringsutvikling AS består av næringssjef Terje Søreide og næringskonsulent Birgitta Hagen Kyrkjebø. Næringsselskapet får midlane sine frå avkasting av fond, samt gjennom direkte overføring frå kommunen. I tillegg har selskapet tilgang til statlege midlar som inngår i utviklingsprogram.
Heimesida til Høyanger næringsutvikling
Sist endra29.12.2020 10.25