Koronavirus - Covid 19

Koronainformasjon frå Høyanger kommune

Spørsmål om koronaviruset?
Ring kommunal informasjonstelefon 992 19 398, open mån - tors, kl. 10:00 - kl. 14:00
Ring nasjonal informasjonstelefon: 81 55 50 15.

 

Serveringsløyve

Det må søkjast om serveringsløyve for å kunne drive serveringsstader der det skal serverast mat og/eller drikke.

Før du startar ein serveringsstad må det søkjast om serveringsløyve til kommunen. Styrar for serveringsstaden må ha bestått etablerarprøva i serveringslova før serveringsløyvet vert gitt.

Helse og omsorgsadministrasjonen gjer vedtak om serveringsløyve og kan gje rettleiing i høve utfylling av søknad. Før løyve vert gjeve, vil kommunen innhente uttale frå lensmannen. 

Læremateriell til etablerarprøven for serveringsverksemd kan bestillast hos vinn.no

Ved spørsmål, ta kontakt med Anita Taftø på e-post: anita.tafto@hoyanger.kommune.no, eller på tlf: 577 11 603.