Slik søker du
Du søker elektronisk om løyve til motorferdsel i utmark eller landingsløyve for helikopter.
- Legg ved kart som viser planlagt køyrerute.
- Gjeld søknaden transport av funksjonshemma må du legge ved legeattest som dokumentasjon.
- Dersom du skal køyre over andre sin eigedom må du ha løyve frå grunneigar.
Søk om motorferdsel i utmark (DOCX, 33 kB)
Har du spørsmål?
Kontakt jordbrukssjef Randi Dale på e-post: randi.dale@hoyanger.kommune.no, tlf: 577 11 532 / 99 21 93 91.
Kva er nyttekøyring?
Nyttekøyring kan til dømes vere bruk av snøscooter for utmarksnæring, transport av funksjonshemma, transport av bagasje og utstyr mellom bilveg og hytte som ligg minst 2,5 km frå veg kan søkast om. Sjå informasjon frå Miljødirektoratet
Kva skjer vidare?
Vi behandlar søknaden din innan tre veker, og difor bør du alltid sende søknad i god tid før transporten skal føregå. Dersom vi treng meir enn ein månad til å avgjere søknaden, skal du få skriftleg melding om årsaka.