Koronavirus - Covid 19

 

Koronainformasjon frå Høyanger kommune

Spørsmål om koronaviruset?
Ring kommunal informasjonstelefon 992 19 398, open mån - tors, kl. 10:00 - kl. 14:00
Ring nasjonal informasjonstelefon: 81 55 50 15.

 

Påkøyring av vilt

Ved påkøyring av vilt ringer du telefonnummer 02800. 

Dette gjer du på staden:

  • Ta på deg markeringsvest og sikre ulykkesstaden med naudblink og varseltrekant
  • Skaff først oversikt over eventuelle skadde personer. Gje førstehjelp og ring 113 dersom akutt hjelp er naudsynt
  • Ring politiet på 02800 for å melde om påkøyringa
  • Merk staden der dyret vart påkøyrd med refleks, klesplagg eller liknande, slik at skadde dyr som har forlatt staden, kan sporast
  • Hjelp det skadde dyret så langt du har moglegheit. Du kan om naudsynt avlive dyret sjølv. Men for mellom andre tamrein og hjortevilt gjeld dette berre dersom det ikkje let seg gjøre å få tak i eigaren, veterinær eller politiet innan rimeleg tid. Avliving av dyr krev tilstrekkeleg kunnskap, ferdigheiter og utstyr til å gjere det en måte som ikkje utsett dyret for ekstra lidingar. Det er difor sjeldan aktuelt for privatpersonar å avlive slike dyr sjølv.

Klikk for stort bilete - Klikk for stort bilete

Dette seier dyrevelferdslova:

 

§ 4. Hjelpeplikt

Einkvar som treff eit dyr som openbart er sjukt, skada eller hjelpelaust, skal så langt mogleg hjelpe dyret. Dersom dyret er eit dyr frå dyrehald eller storvilt, og det ikkje er mogleg å yte god nok hjelp, skal eigaren eller politiet varslast umiddelbart. Dersom det er openbart at dyret ikkje kan leve eller bli friskt, kan den som treff dyret, avlive dette med det same. Dyr frå dyrehold og storvilt skal ikkje avlivast i henhald til denne bestemminga dersom det let seg gjere å få tak i eigaren, veterinær eller politiet innan rimeleg tid.

Aktuelle sider:

Mattilsynet

Statens vegvesen

If forsikring