Koronavirus - Covid 19

 

Koronainformasjon frå Høyanger kommune

Spørsmål om koronaviruset?
Ring kommunal informasjonstelefon 992 19 398, open mån - tors, kl. 10:00 - kl. 14:00
Ring nasjonal informasjonstelefon: 81 55 50 15.

 

Viltforvaltning

Kommunen har forvaltningsoppgåver etter viltlova og forskrifter knytt til denne, og gir råd og rettleiing i saker knytt til vilt og forvaltning av vilt. 

Døme på oppgåver i viltforvaltninga:

  • Forvaltning etter gjeldande lover og forskrifter
  • Fallvilt (påkøyrd og skadd/sjukt vilt)
  • Tildeling av fellingsløyve (hjort) for vald utan godkjent driftsplan.
  • Kontroll/registrering av fellingsrapporter
  • Registrering annalyse av sett hjort- skjema
  • Godkjenning av vald
  • Godkjenning av driftsplanar
  • Forvaltning av kommunen sitt viltfond.

Hjorteviltregisteret er ein nyttig reiskap for deg. Her legg kommunen inn innformasjon om alle valda: Fellingstillatelser/ fellingsresultat, sett-hjort og slaktevekter. Her vil du og finne tilgang til "sett og skutt" som er ei elektronisk løysing du sjølv kan bruke til å registrere sett-hjort og slaktevekt.

I Hjorteviltregisteret finn de  og oversikt og innformasjon om fallvilt (trafikk påkøyrsler).