Forvaltninga av hjortevilt skal ivareta bestanden og leveområda sin produktivitet og mangfald. Det skal leggjast til rette for lokal og bærekraftig forvaltning med sikte på nærings- og rekreasjonsmessig bruk av hjorteviltressursane. Forvaltninga skal vidare sikre ein bestandsstorleik som fører til at hjortevilt ikkje fører til uakseptable skader og ulemper på andre samfunnsinteresser. Forvaltninga i Høyanger vert m.a. utøvd gjennom ei kommunal viltnemnd.
Viltnemda i Høyanger kommune:
- Terje Instefjord, Bjordal (leiar)
- Silje Knutssøn (nestleiar)
- Anne Fiorella Z. Aasgard, Vadheim
- Gudmund Forthun, Lavik
- Oddgeir Indrebø, Vadheim
Varamedlemer:
- Anders Ljotebø, Kyrkjebø
- Anngunn Espedal, Lavik
- Bjarte Myren, Ikjefjord
- Eldrid Førde, Bjordal
- Harald Løland, Høyanger
Kommunen sine hovudoppgåver er forvaltning etter villtlova og å gje råd og veiledning i saker knytt til viltforvaltning. Ulike skjema knytt til viltforvaltning finn du på direktoratet for naturforvaltning sine sider.
Data for jakt på hjortevilt/påkjørsle finn du på Hjorteviltportalen.
Sist endra 08.03.2021 14.44