Framlegg om endring i minsteareal i Ortnevik

Høyanger kommune legg framlegg til ny forskrift om forvaltning av hjort, fastsetjing av minsteareal i Høyanger kommune ut på høyring i samsvar med forvaltningslova § 37.

I den nye forskrifta er minstearealet til valda Brekke, Fitje og Thune i Ortnevik redusert til 200 dekar.  For dei andre valda i kommunen er minstearealet som før dvs. 500 dekar. Grunngjeving for forskriftsendringa er den store mengda hjort i Ortnevik som gjer omfattande skade på jord- og skogbruksareal.  Vedlagt ligg viltnemnda si møtebok der saka vert nærare utgreidd, samt framlegg til ny forskrift. 

Merknadsfrist:

06.november 2023

Merknader sendast til:

postmottak@hoyanger.kommune.no

eller

Høyanger kommune
postboks 159
6991 Høyanger

Kontaktperson:

Jordbrukssjef Randi Dale, tlf.: 57 71 15 32

Vedlegg:

Framlegg til ny forskrift (PDF, 9 kB)

Les heile saka her: 

Arkivsak 23/26 - Endring av minsteareal for hjort - Høyanger kommune (onacos.no)