Informasjon
Det går fram av søknaden at Statkraft er blitt pålagt å riva utrangerte anlegg i Høyanger i samband med konsesjon for etablering av dei nye kraftverka Makkoren (2012) og Eiriksdalen (2013). Statkraft er òg pålagt å fjerna vassdragsanlegg som ikkje lenger blir haldne ved like.
For to av desse anlegga vil riving krevja omfattande bruk av helikopter. Desse er:
- Kraftstasjon K1, lokalisert rett vest for Høyanger sentrum og oppover fjellsida, med tilhøyrande røyrgater, trallebane, trapp, spillhus og transformatorkiosk.
- Kraftstasjon K2, lokalisert ved Ekrene i Dalsdalen og opp mot Nova, med tilhøyranderøyrgater, trallebane og trapper.
Overordna plan for miljø og landskap for rivingsarbeidet vart sendt NVE november 2022.
Statkraft Energi AS søkjer om løyve til å drifta ein helikopterlandingsplass ved K1 for ein periode på 12 månadar frå 01.05.24 til 01.05.25, og ein helikopterlandingsplass ved K2 for ein periode på 17 månadar frå 01.05.24 til 01.10.25. Luftfartstilsynet forstår det slik at dei aktuelle helikopterplassane er allereie opparbeidde riggområde som er tilpassa bruk for helikopter, særleg landingsplassen ved K2.
Talet på flyrørsler er utrekna av konsulentfirmaet Norconsult til 16550 samla for heile perioden. I utgangspunktet er det lagt opp til 8650 flyrørsler K1 (Fjellvegen) og 7900 ved K2 (Ekrene). Sidan det ut frå erfaring er vanskeleg å planleggja bruk av helikopter korrekt ned til kvar minste arbeidsoppgåve, vert det søkt om konsesjon på 18000 flyrørsler samla for dei to plassane.
Helikopter vil verta nytta alle dagar i veka utanom laurdag og søndag. Arbeidstida vil være kl. 07:00 til 19:00.
Søkjaren går ut frå at det vil bli nytta helikopter frå Airlift AS som har base ved Bringeland i Førde.
Både ved K1 og K2 går det stiar i nærområdet som vert nytta av lokalbefolkninga. I traseen for helikopterflyging ved K1 ligg det enkelte hytter, og næraste hytte ligg 228m i luftlinje frå helikopterlandingsplassen. I traseen for helikopterflyging ved K2 ligg det ingen private hytter tett innpå landingsplassen. Søkjaren ber om unntak frå kravet om at støyutrekning skal vera ein del av konsesjonssøknaden.
Entreprenøren har riggområde ved helikopterlandingsplassane.
Høyringsfrist:
Innan 01. november 2023
Evt. fråsegn sendast til:
postmottak@caa.no, merkast med saksnummer 23/08446
Søknad med vedlegg:
Høyring - søknad om konsesjon for to mellombelse helikopterplassar i Høyanger (PDF, 124 kB)
Utkast til konsesjonsvilkår - Høyanger, to midlertidige helikopterplasser (PDF, 121 kB)
Søknad om konsesjon for helikopterplass i Høyanger (PDF, 170 kB)
Søknad om dispensasjon frå støyberekningar (PDF, 133 kB)
Oversiktskart, K1 og K2 (PDF, 3 MB)
Kart, Hjetlandsbassenget (PDF, 5 MB)
Kart, K1 øvre del (PDF, 4 MB)
Kart, K2 og Nova (PDF, 5 MB)
Miljøutredning i forbindelse med søknad om konsesjon for landingsplass (PDF, 138 kB)