Sosiale tenesterRåd og rettleiing etter sosialtenestelova NAV Høyanger skal gje oppslysning, råd og rettleiing på ulike område som kan bidra til å løyse eller førebygge sosiale problem. Dersom NAV-kontoret ikkje sjølve kan gje slik hjelp, skal vi så vidt mogleg syte for å vise til rett instans. Rettleiingsplikta til NAV Høyanger føreset i regelen at det er brukaren sjølv som tek kontakt. Ønskjer du råd og rettleiing, kan du tinge time hjå ein rettleiar i NAV Høyanger. Tilbodet er gratis. Publikumsmottak NAV Høyanger: Elvegata 22, 6993 HØYANGER SPESIELLE ÅPNINGSTIDER ÅPNINGSTIDER: Mandag 12:00-14:00 Tirsdag stengt ope for timeavtalar Onsdag 12:00-14:00 Torsdag stengt ope for timeavtalar Fredag stengt ope for timeavtalar For å kunne yte god nok service i ei tid der vi ikkje skal møtast ansikt til ansikt, ber vi flest mogleg søkje om økonomisk stønad via nav.no. For deg som ikkje har BankId finn du søknadsskjema i papirutgåve i ei postkasse utanfor rådhuset. Utfylt søknad kan du leggje i ei anna postkasse (med hengelås) på same stad. Postkassa blir tømt kvar dag. Om du er i krise og har spørsmål kring økonomisk stønad kan du ringe 40638652. Du kjem då direkte til rådgjevar ved NAV Høyanger.