Kven kan få bustøtte?
På nettsidene til Husbanken kan du sjå kven som kan få bustøtte, kva slag krav som gjeld for bustaden og kva slag grenser for inntekt som gjeld.
Sjekk om du kan få bustøtte
Korleis søkjer ein bustøtte?
Du kan søkje bustøtte elektronisk eller på papir.
Gå til søke bustøtte
Papirsøknader skal du sende til: Høyanger kommune v/økonomiavdelinga, Postboks 159, 6991 Høyanger
Du må melde frå om endringar
Dersom du får samtykke om bustøtte, treng du ikkje søkje kvar månad. Men du må melde frå skriftleg til kommunen:
- dersom det skjer vesentlege endringar i inntekt og formue (då må du sende inn eige skjema)
- dersom du/de flyttar til ein ny bustad (då må du også søkje på nytt)
- dersom ein eller fleire personar flyttar inn eller ut av bustaden
- dersom bukostnadene endrar seg
- dersom ein i huslyden blir student
Meld frå om endringar her
Klage på vedtak om bustøtte
Dersom du meiner noko er feil i vedtaket, kan du klage innan 3 veker frå du fekk melding om vedtaket. I nokre høve må du fylle ut eit eige klageskjema. Klagen skal du sende til kommunen.
Klage på vedtak om bustøtte
Ønskjer du å søkje bustøtte for komande månader, må du sende inn ny søknad til kommunen.
Meir informasjon
Du finn meir informasjon om bustøtte på Husbankens bustøttesider. Du kan også ta kontakt med kommunen for å få hjelp og rettleiing.
Høyanger kommune v/Økonomiavdelinga, Besøksadr.: Storgt. 1,6993 Høyanger Tlf. 57 71 15 22
Regelverk