Parkeringskort for rørslehemma

Parkeringskort for rørslehemma gjev deg høve til å parkere på offentlege parkeringsplassar merka for rørslehemma, og er meint som ein kompensasjon for tapt gangfunksjon.

Kan eg få parkeringskort?

Dersom du på grunn av rørslehemming ikkje kan gå, eller har store vanskar med å forflytte deg, kan du søkje om parkeringskort.

Korleis søkjer eg om parkeringskort?

Du må fylle ut eit søknadsskjema. I tillegg må legen din fylle ut ei legeerklæring. Ta kontakt med Høyanger kommune ved tenesteområde helse og omsorg for søknadsskjema. Høyanger kommune handsamar søknaden din og kan gje deg rettleiing til utfylling.

Må eg køyre bil sjølv, eller kan eg vere passasjer for å få parkeringskort?

Du kan få parkeringskort som passasjer, men då etter strengare kriteriar.

Kvar kan eg parkere?

Du kan parkere på reserverte parkeringsplassar for rørslehemma over heile landet. Desse er merka med offentlege trafikkskilt.

Må eg betale parkeringsavgift?

Når du har parkeringskort, slepp du å betale parkeringsavgift.

Kor lenge kan eg stå parkert på slik parkeringsplass?

Du kan stå parkert utover lengste tillatte parkeringstid der slik tid er fastsett ved offentleg trafikkskilt. Dersom det er fastsett lengste tillatte parkeringstid for rørslehemma, må du følge den.

For kor lang tid er parkeringskortet gyldig?

Du kan få eit kort som er gyldig i frå 2 år til 5 år.

Sist endra 01.02.2017 av Anita Taftø

Kontakt

Sekretær

 

 
 
Login for redigering