Ulvshaugen

Ulveshaugen - Klikk for stort bileteUlveshaugen Marte Conradi Turen startar på Østerbø i Ikjefjord

Følg vegen til du kjem inst i Ikjefjord, og ta så til høgre i vegdele. Du kan parkere ved første bru, og gå vegen til høgre fram dalen gjennom eit beite/dyrka mark med to grinder (lat dei att etter deg), eller du kan køyre til den andre brua, etter grindene, og parkere der. 

Frå den andre brua går vegen forbi ein nedlagd revefarm og følgjer merka sti (den same som til Stølsvatn) den første delen. Etter eit litt flatare parti oppover i lia tek stien til Ulvshaugen av mot venstre. Det vert no meir stigning. Stien vert vanskeligare å sjå etter som ein kjem lengre opp i lia, og nokon stadar forsvinn den heilt. Følg oransje merking til toppen. 

Ein har fin utsikt mot sør og fossen til Østerbøelva som er ein av dei høgaste med fritt fall i vassdraget. Til høgre for fossen går det ein sti til Østerbøstølen. Stien fører  ikkje til toppen av Ulvshaugen, men lenger mot aust nærmare Tverrgavlen, kor ein får flott utsikt over Ikjefjord og mot Lavik/Sognefjorden med Østerbø i framgrunnen. Ein kan ha ein fin tur vidare mot aust og gå langs høgdedraget mot Stølsvatn og gå turen attende via Lågeskaret og stien der.

Fellestur 28.06.2014.

Starten av stien på Ulvshaugen - Klikk for stort bileteStarten av stien på Ulvshaugen Merking mot toppen av Ulvshaugen - Klikk for stort bileteMerking mot toppen av Ulvshaugen

Artikkel med kontaktperson (1)
 
 
Login for redigering