Bålforbod 15. april–15. september
Om våren og sommaren blir det gjerne tørt. Då aukar faren for skog-, gras- og lyngbrann. Sjølv eit lite kaffibål eller eit lite grillbål kan vere nok til å sette fyr i marka rundt og føre til brennspreiing. I Norge er det difor bålforbod frå 15. april til 15. september. I denne perioden er det forbod å tenne opp bål i eller i nærleiken av skog og anna utmark utan løyve frå kommunen.
Alle plikter å vise aktsemd ved gjennomføring av aktivitet som kan føre til brann.
Eingongsgrill
Vi rår til stor aktsemd ved bruk av eingongsgrill, då vi veit at desse har stort potensiale til å starte ein større brann.
Nokre hugsereglar ved bruk av eingongsgrill:
- Ta med flaske som kan brukast til sløkkevatn om elden spreier seg til terreng.
- Ikkje bruk eingongsgrill der det ikkje er nær tilgang til vatn.
- Ta omsyn til skogbrannfare og vind.
- Drukn gjerne grillen i vatn når grillinga er over, eller bruk godt med vatn for å kjøle den.
- Ikkje forlat grillen ute i naturen. Kast grillen i søppelspann som er laga for grill og kull, eller vent eit par døgn med å kaste den i søpla slik at du er sikker på at grillen er kald.
Unntak frå totalforbodet
- Du har lov til å tenne opp bål dersom det heilt openbart ikkje kan byrje å brenne. Det kan vere at det til dømes ligg snø på bakken eller at det har vore mykje nedbør over lang tid.
- Det er lov til å grille på tilrettelagte grill- og bålplassar.
- Du kan grille i din eigen hage.
- Sameige/burettslag kan ha eigne retningslinjer.
- Det er tradisjon å brenne jonsokbål i grendene. Vi krev ikkje at du søker om om å brenne jonsokbål, men vil ha melding om stad, tidspunkt og bålansvarleg.
Vi rår deg til å melde om kontrollert brenning til brannvesenet i Høyanger kommune. Dette for å hindre unødig bruk av ressursar frå brannvesenet. All bålbrenning skjer på eige ansvar!
Forbod i tørkeperiodar blir avgjort av brannsjefen og kunngjort på heimesida til kommunen.
Kontakt brannvesenet i Høyanger kommune
Japanske og kinesiske lykter
Bruk av japanske og kinesiske lykter vert brukt stadig oftare i samband med markeringsdagar og på nyttårsafta. Desse lyktene har open eld som skal gje varme i lykta. Du har ikkje kontroll på kor ei slik lykt landar. Det kan fort vere i vedstabelen til naboen, på eit torvtak eller i småskogen rundt bustadfeltet. Lyktene må derfor brukast med varsemd og brannfaren er stor.
Nyttig lenke: Sikker hverdag