Sal av fyrverkeri
Alle utsal for fyrverkeri skal vere godkjent av brannvesenet i Høyanger kommune i god tid før salstidspunktet.
Oppskyting utanom nyttårsafta
Dersom du ønsker å skyte opp fyrverkeri utanom nyttårsafta, til dømes i samband med feiring av bursdagar eller skuleball, må du søke politiet om løyve til oppskyting av fyrverkeri. Avgjerda om å gi løyve er eit vedtak som du kan klage på, difor får du brevet skriftleg per post eller e-post.
Politiet stiller som regel desse vilkåra til løyvet
- Starttidspunktet bør seinast vere klokka 22.45. Det skal vere normal nattero klokka 23.00.
- Arrangøren skal så langt det let seg gjere kunngjere oppskytinga i nærmiljøet, media (aviser eller radio), slik at ålmenta (dyreeigarar) kan ta sine førehandsreglar.
Du må ta omsyn til dette når du skal bruke fyrverkeri
- Vêr- og vindtilhøve.
- Generell brannfare.
- Oppskyting skal føregå på ein open plass, i trygg avstand frå bygningar og bilar.
- Sjekk at fyrverkeriet ikkje er skadd og hugs verneutstyr.
- Fyrverkeri skal ikkje handterast av born eller rusa personar.
- Dersom ikkje fyrverkeriet går av skal du ikkje prøve å tenne det på nytt, men la det stå i minst 20 minutter og så sette det vekk. Blindgjengarar skal leverast tilbake til utsalsstaden.
Japanske og kinesiske lykter
Japanske og kinesiske lykter vert brukt stadig oftare i samband med markeringsdagar og på nyttårsafta. Desse lyktene har open eld som skal gje varme i lykta. Du har ikkje kontroll på kor ei slik lykt landar. Det kan fort vere i vedstabelen til naboen, på eit torvtak eller i småskogen rundt bustadfeltet. Lyktene må derfor brukast med aktsemd når brannfaren er stor.
Oppbevaring av fyrverkeri
Fyrverkeri skal oppbevarast tørt og i romtemperatur. Overskot etter nyttårsafta kan ikkje leverast tilbake til utsalsstad dersom det er heilt og kan brukast. Pass då på god lagring til neste sesong.