Koronavirus - Covid 19

Status 09.04.2021: Ingen nye påvist smitta. Vi har framleis ein påvist smitta som sit i isolasjon. 

Koronainformasjon frå Høyanger kommune

Spørsmål om koronaviruset?
Ring kommunal informasjonstelefon 992 19 398, open mån - tors, kl. 10:00 - kl. 14:00
Ring nasjonal informasjonstelefon: 81 55 50 15.

 

Abonnentsvilkår

Standard abonnementsvilkår for vatn og avløp

Høyanger kommune har innført standard abonnementsvilkår for vatn og avløp (Kommunestyret 30.09.14). Vilkåra erstattar tidlegare «Normalreglement for sanitæranlegg» og vert oppdatert av Kommuneforlaget. For Høyanger kommune er vilkåra gjeldande frå 1. oktober 2014.

Standard abonnementsvilkår

Standard abonnementsvilkår er ikkje ei forskrift, men ein avtale mellom to partar, kommunen og abonnenten. Det er sett krav til både kommunale og private anlegg slik at anlegga vert utført på ein betryggjande måte med tanke på tryggleik, funksjonalitet og kvalitet. Dette gjeld særleg ved tilknyting til nye, private anlegg og sanitæranlegg. Vilkåra vert handheva av kommunen som eigar av kommunalt leidningsnett. Alle entreprenørar og røyrleggjarar med oppdrag i Høyanger kommune pliktar å gjere seg kjent med og følgje abonnementsvilkåra.

Bestemmelsane består av følgande:


1. Tekniske bestemmelsar – som fastlegg krav til teknisk utføring
2. Administrative bestemmelsar – som tar for seg juridiske og forvaltningsmessige forhold

Dei tekniske bestemmelsane kan bestillast direkte frå Kommuneforlaget, mens dei administrative bestemmelsane kan lastast ned her.

Ved nye anlegg krev Høyanger kommune, naudsynte søknadar etter Plan- og bygningslova.