Koronavirus - Covid 19

Alt om korona- Høyanger kommune Korona- information in other languages  

Spørsmål i samband med vaksinering ring 992 19 398, open mån - tors, kl. 08:00 - kl. 15:00.
Spørsmål om koronavirus? Ring kommunal informasjonstelefon, 992 19 398, mån-tors kl 12:00 - 15:00 eller nasjonal informasjonstelefon: 81 55 50 15.

 

Drikkevatn og vassverk

Drikkevatnet i Høyanger kommune har høg kvalitet og er trygt å drikke, med mindre vi melder om noko anna. 

Drikkevatn

Drikkevatnet skal vere hygienisk tryggande, klart og utan framtredande lukt, smak eller farge. Det skal ikkje innehalde fysiske, kjemiske eller biologiske komponentar som kan føre til fare for helseskade. Det vert teke jamlege prøvar av vatnet.

 

Akutt problem med vassforsyning

I område utan kommunal vassforsyning må bebuarar, næringsliv osv. etablere eigen ordning for vassforsyning. Kommunen kan ikkje gje byggjeløyve utan at det ligg føre tilfredsstillande tilgang til hygienisk tryggande og tilstrekkeleg drikkevatn.

Ta kontakt med teknisk vakttelefon om du opplever akutt problem med vassforsyninga.

  • Teknisk vakttelefon Høyanger: 99 21 94 01.

Ring sentralbordet på telefon 57 71 15 00 om det er andre spørsmål enn akutte problem med vassforsyninga. 
 

Varsling om endring i vassforsyninga

Planlagde driftsavbrot vert normalt varsla forbrukarar dagen før. Ved spyling/reinsing av leidningsnettet vert dette normalt kunngjort i lokal avis.

Vi informerar via internett og media, og varslar på telefon via sms til dei som er heimelshavarar ved følgande hendingar:

  • når vi stenger vatnet grunna vedlikehald og lekkasjar
  • om vasstrykket vert endra
  • ved koketilråding av drikkevatnet
     

Tilkopling til det kommunale leidningsnettet

Kommunen leverer vatn gjennom det kommunale leidningsnettet til dei bustadane og bygga som er knytt til nettet.

I område utan kommunal vassforsyning må det bli etablert ei eiga ordning for vassforsyning. Kommunen kan ikkje gi byggeløyve utan at vass- og avløpsløysinga er tilfredsstillande. 
 

Mjukt eller hardt vatn?

Vi har "mjukt" vatn med pH mellom 7 og 8,5. Det betyr at du normalt ikkje treng å tilsette salt i oppvaskmaskiner. 

Temperatur og fargetal varierer noko med årstidene. Vatnet avset ikkje kalkavleiring i rør eller andre installasjonar.

Vassverk i Høyanger kommune

  • Høyanger vassverk
  • Kyrkjebø vassverk
  • Vadheim vassverk
  • Lavik vassverk
  • Bjordal vassverk
  • Søreide vassverk