Koronavirus - Covid 19

Koronainformasjon frå Høyanger kommune

Spørsmål om koronaviruset?
Ring kommunal informasjonstelefon 992 19 398, open mån - tors, kl. 10:00 - kl. 14:00
Ring nasjonal informasjonstelefon: 81 55 50 15.

 

Tilkopling til offenleg vatn- og avløpsanlegg

Ved tilkopling til offentleg vatn- og avløpsanlegg skal det søkast til kommunen om dette. Det må søkast både ved oppføring av nybygg og når eksisterande bygningar skal tilkoplast det offentlege vatn- og avløpsanlegget.

Søknadsskjema tilkopling til offentleg vatn- og avløpsanlegg (PDF, 50 kB)

Tilkopling til vatn og kloakk

Søknad om tilkopling til offentleg nett skal sendast inn av utbyggar eller føretaket som skal utføre arbeidet. Søknaden skal innehalde situasjonskart som viser plassering av bygningar som skal tilkoplast på eigedomen.

Installasjon av vassmålar

Ved installering av vassmålar, skal det søkjast om dette på same skjema. Det er krav til installasjon av vassmåler på alle eigedommar som har andre utbyggingsformål enn bustad, og for bensin- og servicestasjonar som har vaskehall samt for eigedommar kor det er basseng eller tilsvarande med volum på meir enn 3 m3. Ved bygging av bygg med fleire formål må du ta kontakt med kommunen for vurdering om krav til vassmålar vert gjeldande.

VA- gebyr regulerar kostnadane ved tilkopling, samt at abonnemenstvilkåra fastsettje føringane for avtalen.