Hukommelsesteam er ein del av Høyanger kommune sitt tilbod til heimebuande personar som begynner å få kognitive utfordringar. Hukommelsesteamet skal vere ein fast kontaktperson som skal sikre at god utreiing og systematisk oppfølging gis, samt bistå til eit godt og tilpassa tenestetilbod. Hjelp til personar med demens og deira pårørande er eit lågterskeltilbod med mål om å skape trygg og føreseieleg kvardag, samt gje auka kunnskap om sjukdom og rettigheitar. Personen sjølv eller pårørande skal ikkje trenge å lure på: «Er mitt spørsmål stort nok til at eg kan ringe?»
Personar med demens og deira pårørande sikrast på denne måten riktige helse- og omsorgstenester til rett tid. Målet er at personar med demens skal klare seg i eige heim så lenge som mogleg, samtidig som ein skal kjenne seg trygg og ivareteken.
Kva kan du få hjelp til?
- Bistå fastlege med heimebesøk for kartlegging av hukommelse og funksjonsnivå
- Gje råd og rettleiing i dagleglivet for deg og dine pårørande (til dømes behov for dagtilbod, støttekontakt, ergo- og/eller fysioteneste, heimesjukepleie)
- Gje råd og veiledning om kvardagsmeistring/korleis kvardagen kan tilretteleggast
- Vurdere behov for tekniske hjelpemiddel og velferdsteknologi slik at du kan bu lengst mogleg i eigen heim
Kven er vi?
Hukommelsesteamet består av demenskoordinator og personar som jobbar innan helse og omsorg i kommunen. Vi har god erfaring med demens, og ønskjer å kome i tideleg kontakt med målgruppa.
Ta kontakt med oss dersom du er bekymra for deg sjølv eller nokon i nær relasjon. God oppfølging startar tideleg, nokre gongar før ein har fått avklart diagnosen.Ressursgruppe demens består av personar som jobbar innan helse og omsorg i kommunen. Vi har god erfaring med demens, og ynskjer å komme tidleg i kontakt med målgruppa.
Ta kontakt med oss dersom du er bekymra for deg sjølv eller nokon i nær relasjon. God oppfølging startar tidleg, nokre gongar før ein har fått avklart diagnosen.
Korleis etablere kontakt?
Å opprette kontakt er eit lågterskeltilbod. Kontaktpersonar er tilgjengeleg på dagtid på telefon måndag til fredag mellom 08.00 og 15.00. Demenskoordinator er tilgjengeleg på dagtid kvar onsdag.
Tiltakspakke demens
Tiltakspakke demens skal sikre at personar med demens og deira pårørande får systematisk oppfølging etter diagnose. Tenesta inneber at personen med demens får tildelt ein primærkontakt som kjem på heimebesøk for samtale med den demensråka og pårørande. Primærkontakt arbeider i heimesjukepleien i Høyanger, Lavik eller på Sørsida. Dette er ei teneste du må søke på, både demeneskoordinator eller person i hukommelsesteam kan hjelpe deg å søke.
Teknologiske hjelpemiddel
Som ein del av kartlegginga vil vi vurdere om teknologiske hjelpemiddel er aktuelt for deg. Elektroniske medisindispensarar, GPS og ulike typar alarmar er noko av det som kan vere aktuelt.
Dagstova
Dagstova er eit eige dagtilbod retta mot personar med demens. Dagtilbodet skal bidra til auka kvardagsaktivitet, sosial kontakt og meistringskjensle. Tilbodet skal også vere med å sikre god ernæring, og det er tilbod om å kjøpe middag. Dagstova er ope på dagtid frå måndag til fredag frå kl. 09.00 til 15.00. Det er etter avtale satt opp transporttilbod for dei som bur mellom tettstaden og Vadheim og Nessane. Dagtilbod er ei teneste du må søke på, både demenskoordinator eller hukommelsesteam kan hjelpe deg å søke.
Kva kostar det?
- Dagplass pr. person er i 2025 kr. 115,-.
- Middagspris med dessert pr. porsjon er i 2025 kr. 117,-.
- Middagspris utan dessert pr. porsjon er i 2025 kr. 91,-.
Slik søker du
Bruk felles søknadsskjema for helse- og omsorgstenester for å søke om tilboda innan demensomsorg.
- I søknaden skriv du kva du treng hjelp til.
- Dersom nokon hjelper deg å fylle ut søknaden, må du samstundes fylle ut ei skriftleg fullmakt og sende med søknaden.
Søk om helse- og omsorgstenester - elektronisk
Søk om helse- og omsorgstenester - papirskjema
Send søknaden til:
Høyanger kommune
Tiltaksteam
Postboks 159
6991 Høyanger
Nyttige nettsider om demens