Personvernerklæring

Elektronisk lagring av personopplysningar kjem inn under lov om behandling av personopplysningar. Vi vil difor fortelje korleis omsynet til personvernet blir behandla når det gjeld våre elektroniske skjema.

Definisjonar

 

 

  • Personopplysning: opplysningar og vurderingar som kan knyttast til enkeltperson
     
  • Behandlingsansvarleg: den som bestemmer førermålet med behandlingen av personopplysningar og kva hjelpemiddel som skal brukast (Høyanger kommune)
     
  • Databehandlar: den som behandlar personopplysningar på vegne av den ansvarlege for handsaming (ACOS AS)

 

Denne erklæringa gjer greie for korleis personvernet vert teke vare på av ACOS AS som datahandsamar av personopplysningar.

 

Høyanger kommune ønskjer å sikre at du som brukar av tenestene skal føle deg trygg på at gjeldande lover og reglar vert følgt, og at datatryggleiken er ivareteken. Sikker handsaming av data vil til ei kvar tid verte dokumenterast etter gjeldande lovverk.

ACOS AS er kun datahandsamar av personopplysningane, medan det er mottakar (Høyanger kommune) som er eigar av data og ansvarleg for handsaming. Eigarforholdet er regulert av ein eigen databehandlaravtale.

Føremålet med handsaminga av personopplysningar

Opplysningar som du fyller inn, vert sendt til behandlingsansvarleg. Opplysningane gjer behandlingsansvarleg i stand til å utføre si sakshandsaming av din førespurnad. Dei innsamla opplysningane om deg vert behandla på same måte som om du hadde sendt inn eit papirskjema.

Lov om behandling av personvern

Denne personvernerklæringa følgjer føresegnene i Lov om behandling av personvernopplysninger (personopplysingsloven) gjeldande frå 20.juli 2018.

Personopplysningar

Dersom du føler at ditt personvern er sikra ved denne erklæringa, samtykker du til lagring ved oppretting av din brukarprofil. Samtykket vert gjeve som godkjenning av våre retningsliner for personvernet og som samtykke for behandlingsmåten av opplysningane.

Lagring av opplysningar

Dersom du logger deg på med e-post/MinID/BankID kan du når som helst velje å avbryte utfyllinga av skjermdialogen, og eventuelt hente den opp igjen for vidare utfylling seinare.

Opplysningane du har tasta inn vil ligge lagra på vår server, og vil ikkje vere tilgjengelege for mottakar (Høyanger kommune), før du bestemmer deg for å sende inn søknaden.

Når du har valt innsending, har du samstundes stadfesta at mottakar (Høyanger kommune), kan motta opplysningane. Så snart søknaden er oversendt behandlingsansvarleg, vert innhaldet sletta frå databehandlar sin server (seinast innan tre døgn).

Dersom du vel å ikkje logge deg på, vil innsende søknadsdata verte sletta frå datahandsamar sin server så snart søknaden er send over til ansvarleg for handsaming (seinast innan tre døgn). Datahandsamar vil berre behalde metadata om søknaden (type søknad, tidspunkt for innsending, referansenummer, og opplysningar om mottakar).

Sikker linje

Alle opplysningar som vert overført mellom di datamaskin og vår server foregår over sikker kryptert linje (SSL). Løysinga tilsvarar tryggleiken som er brukt i nettbankane.

Rett til innsyn og rett til sletting av personopplysninger

Du kan når som helst be om å sjå opplysningane vi har registrert om deg. Dette gjer du ved å ta kontakt pr e-post: postmottak@hoyanger.kommune.no

Dersom du finn opplysningane unøyaktige eller ufullstendige, kan du kreve å få opplysningane sletta. Dersom du har oppretta ein brukarprofil i løysinga, kan du sjølv gjere ei slik sletting. Dette er jf. Personopplysningslova § 18 og retting etter samme lov § 27 og § 28.

Les meir om innsynsrett på Datatilsynet sine nettsider

Unnlatt samtykke

Dersom du ikkje samtykker i at personvernet er godt nok ivaretatt, vil du ikkje kunne nytte sjølvbeteningsportalen til Høyanger kommune - Søknadssenter - i høve til elektroniske søknadsskjema. Du må då vende deg til kommunen på annan måte.

Spørsmål?

Kontakt servicetorget på 57 71 15 00 eller send e-post: postmottak@hoyanger.kommune.no , dersom du har spørsmål til personvernerklæringa.