Merksemd til dei som tok fagbrev i 2023

Høyanger kommune heidra dei som tok fagbrev i 2023, under ei markering torsdag 14. desember 2023, på Øren Hotel.   

25-års jubilantar i Høyanger kommune 2023

I 2023 har Høyanger kommune ni tilsette med 25-års teneste i kommunen.  Jubilantane vart heidra under ei markering torsdag 14. desember 2023 på Øren Hotel, der dei fekk utdelt gåvekort frå kommunedirektør Ørjan Haram og ordførar Petter Sortland. 

Snart har alle i Høyanger kommune tilgang til fiber

Nyleg var prosjektleiar Johnny Solheimsnes på besøk i rådhuset i Høyanger, for å legge fram siste strategi for å fullføre fiberprosjektet i kommunen. No nærmar Høyanger seg ferdig utbygd, og Enivest er stolte over at ein så geografisk stor og utfordrande kommune har fått på plass fiber til nesten alle krikar og krokar.

Haustutstilling med elevane i Høyanger kulturskule

Kom og sjå kva kunstelevane har arbeidd med i haust.

Omval til fylkestingsvalet i Østfold

Er du velgar frå Moss kan du førehandsstemme på rådhuset i Høyanger kommune fram til og med fredag 24. november kl 13:00.  Du må kontakte kommunen på førehand om du vil førehandsstemme: Telefon 57 71 15 00 E-post: postmottak@hoyanger.kommune.no 

Tilskot til verna kulturminne i Vestland fylke 2024

Tilskotsordninga skal bidra til å hindre tap av kulturminne og kulturmiljø og sikre kulturminne som bruksressursar, og som grunnlag for kunnskap, oppleving og verdiskaping. Ordninga tek sikte på å gje tilskot til istandsetting av verneverdige kulturminne prioritert av kommunane.  

Kommunedirektøren inviterer til presentasjon av budsjett 2024 og økonomiplan 2024-2027, torsdag 9.november kl 12:00

I år blir presentasjonen på teams, det er difor ikkje høve til å delta fysisk. Du kan følge møte ved å delta i teams møte 9. november kl 12.00. 

Senking av Roesvatn under LRV

Statkraft Energi AS skal tette inntaksluka til kraftverk 2 (K2) som er lagt ned. I samband med dette må vatnet senkast til under lavaste regulerte høgde (LRV).

Oppfriskingsdose korona vinteren 2023/2024

Ønsker du vaksine eller oppfriskingsdose må du ta kontakt med legekontoret tlf 57 71 39 00 . Du får tildelt time. Vi har ikkje fastsette dagar men samlar opp til å vaksinere. For Lavik og Sørsida vert dette utført av sjukepleiar, som planlegg å gi vaksine på etterspurnad.  

Premiering Trimpoeng 2023

Konkurransen starta 01. mai og vart avslutta ved midnatt den 30. september.  314 personar har lasta ned og brukt appen og det er gjort heile 13 228 innsjekkingar på ulike turmål. Rusleturen rundt Austreimsneset vart det mest besøkte turmålet med 1967 innsjekk, etterfølgt av trollet i naturstien med 1908 innsjekkingar.  God oppslutnad i årets konkurranse!

Kine Larsen Lægreid
Planlegger
E-post
Telefon 57 71 15 87
Mobil 45 14 20 74
Rønnaug Meek
Dagleg leiar for Høyanger Frivilligsentral/Høyanger kommune
E-post
Telefon 57 71 16 58
Mobil 99 32 13 22