Sjekk våre ledige stillingar om det er noko av interesse for deg.
Finn ledige stillingar i Høyanger kommune
Om å søke jobb i Høyanger kommune
Høyanger kommune har ikkje høve til å ta imot opne søknader, men ønskjer deg velkommen til å søke på alle utlyste stillingar. Ledige stillingar legg vi ut på Easycruit. I tillegg vert det sett inn annonse i lokalavisa og lagt ut på NAV og Framtidsfylket.
Slik søker du på utlyste stillingar i Høyanger kommune
- Registrer deg som brukar i Easycruit
- Registrer CV og send søknad elektronisk.
- Du kan legge inn CV-en din både frå fil og sosiale media.
- Oppgje aldri bankid-informasjon under søknadprosessen.
Er du allereie registrert som brukar I Easycruit, loggar du deg inn med brukarnamn og passord. Du får då tilgang til dine tidlegare søknader og slepp å legge inn alle opplysningar på nytt.
Det foregår stadig svindelforsøk mot jobbsøkjarar i Norge. Derfor oppmodar vi om at de aldri må oppgje bankid-informasjon i søknadsprosessen.
Er du allereie registrert som brukar i Easycruit, loggar du deg inn med brukarnamn og passord. Du treng ikkje å registrere ny CV for kvar gong du søkjer ein jobb i Høyanger kommune. Du brukar den CV'en du allereie har lagt inn i Easycruit, og skriv ein kortfatta søknadstekst i tillegg. Du kan sjølv slette din CV når du ikkje lenger ønskjer å ha den liggande i CV-basen vår.
Offentleg søkarliste
Vi gjer merksam på at opplysningar om kven som søkjer kan bli gjort offentlege sjølv om nokon av dei har oppmoda om å ikkje bli førte opp på søkarlista, jf. offentleglova § 25. Du vil i så fall bli kontakta på førehand.
Politiattest
Ei rekkje stillingar krev at du viser fram politiattest før tiltreding. Du treng ikkje vise fram slik attest når du søkjer, men før du tek til i stillinga. Arbeidsavtale vert skrive med atterhald om at tilfredsstillande politiattest kan visast fram før tiltreding i stillinga.
Du treng politiattest dersom du søkjer stilling innan barnevern, brannvern, helsepersonell som arbeider med born, utviklingshemma eller skal oppnemnast som representant for mindreårige asylsøkarar, barnehage, skulefritidsordning og grunnskulen.
Du søkjer om politiattest elektronisk via politiet sine nettsider eller sender inn søknadsskjema på papir til politiet. Du kan bruke tilsendt arbeidsavtale som dokumentasjon, eller vi sender deg ei stadfesting på føremålet med attesten. Ein politiattest kan ikkje vere eldre enn 3 månader.
Tilsetjingar skjer i tråd med gjeldande lover, regelverk og tariffavtale. Det er pliktig medlemskap i Kommunal Landspensjonskasse/Statens Pensjonskasse.
Om Høyanger
Høyanger kommune ligg ved Sognefjorden i Vestland fylke. Kommunen er ein kraft- industri og jordbrukskommune i storslagen natur: Fjell, fjord, vatn, elvar og skog. Kommunen har ca 4100 innbyggjarar der ca 2000 bur i tettstaden Høyanger. Det er gode skule- og barnehagetilbod, og gode anlegg for innandørs-, sommar- og vinteridrett. Det er idrettsanlegg og badeanlegg som ligg sentralt i Høyanger tettstad/eigen symjehall i Lavik. Vi har gode kommunale tilbod innan kulturskule og bibliotekteneste, og i tillegg eit rikt aktivitetstilbod som vert gjeve av frivillige lag og organisasjonar. Det er snøggbåtsamband sørover til Bergen og nordover til Florø og Måløy, og bussamband til Førde, Sogndal, Bergen, Oslo og Trondheim. Køyretida med privatbil til Førde er omlag ein time frå Høyanger. Næraste flyplass er Førde Lufthamn Bringeland (køyretid med privatbil om lag 45 minutt). Kommunen er rik på naturopplevingar både på land og sjø, og har eit levande lokalsamfunn med engasjerte menneske.