Heimesjukepleie

Heimesjukepleien gir hjelp og rettleiing til eldre, sjuke eller personar med funksjonsnedsetting som bur heime.

Kven kan få tilbodet?

Alle som bur eller mellombels oppheld seg i kommunen, og som på grunn av helsesvikt har behov for helsehjelp, kan få vedtak om heimesjukepleie. 

Heimesjukepleie er behovsprøvd og tidavgrensa. 

Kva kan du få hjelp til?

  • Hjelp med medisinar og medisinske prosedyrar.
  • Ivareta personleg hygiene.
  • Sårstell, urinprøver, blodprøver, injeksjonar eller andre tenester som ikkje kan utførast på ditt lokale legesenter. 
  • Rettleiing i helsespørsmål (til dømes: kreftomsorg, lindrande behandling, demensomsorg, rehabilitering, diabetes)
  • Tilrettelegging av måltidssituasjonen.
  • Rettleiing og opplæring slik at du kan meistre oppgåver på eiga hand (til dømes: velferdsteknologiske løysingar, fylle dosett, augedropar, injeksjonar, støttestrømper, tømme og skifte kateterpose og stomi).

Slik søker du

  • I søknaden skriv du kva du treng hjelp til. Du brukar felles søknadsskjema for helse- og omsorgstenester for å søke om heimesjukepleie: 
    Søk om heimesjukepleie - papirskjema
  • Dersom nokon hjelper deg med å fylle ut søknaden, må du samstundes fylle ut ei skriftleg fullmakt og sende den med søknaden: 
    Fullmaktskjema (PDF, 71 kB)

Send søknad til:

Høyanger kommune
Tiltaksteam
Postboks 159
6991 Høyanger 

Kva kostar det?

  • Heimesjukepleie er gratis. 
  • Dersom du får heimesjukepleie, kan du etter tre månader ha rett på gratis tannhelseteneste. 

Korleis blir søknaden handsama og kor lang tid tek det?

  • Det er tiltaksteamet som handsamar søknaden din. Dei tek kontakt med deg for å avtale eit heimebesøk, der dei kartlegg hjelpebehovet ditt.  
  • Dei handsamar søknaden og du vil få tilsendt eit vedtak. Dersom søknaden ikkje kan avgjerast innan ein månad, får du ei skriftleg melding om årsaka. 

Har du spørsmål, ta kontakt med

Ring Tiltaksteamet ved leiar på mobil 992 19 305 kvardagar mellom klokka 09.00 og 15.00 om spørsmåla gjeld søknaden.

Ring den lokale heimetenesta om har andre spørsmål

Kan du klage på vedtaket?

Du kan klage på vedtaket innan ein frist på fire veker frå du fekk brevet. Grunngi kvifor du klagar. Dersom kommunen lar vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Statsforvaltaren i Vestland som siste klageinstans. 

Aktuelle lover og forskrifter

Oddveig Eide
Einingsleiar for heimetenesta
E-post
Mobil 99 21 93 05