Høyanger legeteneste

Høyanger legeteneste har hovedkontor i Høyanger helsesenter og utekontor i Lavik helsesenter og i Sørsida bygdetun.

Kven kontaktar du når du treng lege?

Måndag til fredag kl. 08:00 - 15:30 kontakt legekontoret på telefon 57 71 39 00.

Kveld, natt og helg kontakt legevakta på telefon 116 117 når fastlegen ikkje er tilgjengeleg og hjelpa ikkje kan vente.

Akutt/øyeblikkeleg hjelp ring 113 (naudnummer) om skaden eller sjukdomen er alvorleg.

Du finn fastlegen din på nett

Fastlegen kan tilby ulike tenester på helsenorge.no.

  • førespurnad om timebestilling
  • fornye resept
  • start e-konsultasjon
  • kontakt legekontoret

Sjekk om du kan kontakte fastlegen din på nett

Opningstider ved legekontora i Høyanger kommune

Ring legevakttelefon 116 117 etter arbeidstid

Legevakta har same gratisnummer i heile landet: 116 117.

Legevakta held til i Bygg Aust like ved hovudinngangen til Helse Førde HF, Svanehaugvegen 2, 6812 Førde.

Spørsmål om prisar eller faktura?

Ring legekontoret om du har spørsmål om prisar eller faktura.

Byte fastlege?

På helsenorge.no finn du informasjon om korleis du byter fastlege.

Dersom du skal byte fastlege til eit anna legekontor, må du fylle ut fullmaktskjema som godkjenner at din journal vert overført til nytt legekontor. Fullmaktskjemaet for å byte fastlege til eit anna legekontor, finn du på helsenorge.no.

For papirutgåve trykker du på lenkja fullmaktsskjema for Helfoførespurnader. Fyll ut skjemaet og lever til ditt legekontor.