Koronatesting

Sjekkliste for deg som har symptom på korona

  1.  Hald deg heime dersom du har nyoppstått luftvegssymptom og føler deg sjuk. 
  2. Unngå kontakt med personar som auka risiko for å bli alvorleg sjuke
  3. Testing for koronasertifikat

Sjølvtest

Du får gratis sjølvtest frå kommunen. Du treng ikkje registrere positiv sjølvtest hos kommunen.

Vil du ha sjølvtest må du først ringe og avtale utlevering, vi deler ut gratis sjølvtest desse plassane i kommunen:
- Høyanger rådhus, opent måndag - fredag kl 08:00-15:45, tlf 57711500
- Høyanger bibliotek, sjå opningstidene her, tlf 57711590
- Sørsida bygdetun, dagleg kl 10-12, tlf 992 19 322
- Heimesjukepleien i Lavik, dagleg kl 13-15, tlf 992 19 320.  

I helg og heilagdagar kan du via legevakta i Førde få utlevert sjølvtest
Du kan lese meir om bruk av sjølvtest her

Meir informasjon om testing finn du hos helsenorge.no

Informasjon om koronatesting 

Timebestilling og testing er gratis.
Svar på test finn du ved å logge deg inn på helsenorge.no

Testing i Høyanger

Bekreftande test bestiller du ved Høyanger legekontor, tlf.: 57 71 39 00, måndag - fredag, i tidsrommet kl 8:15-10:30 og kl 13:00-15:00. Testing føregår på Høyanger legekontor si smitteavdeling: Storgata 8, 6993 Høyanger.
   

Testing i Lavik og sørsida 

Dersom du har behov for bekreftande test i Lavik eller på Sørsida må du ta kontakt med legesenteret, tlf.  57713900, måndag - fredag, i tidsrommet kl 8:15-10:30 og kl 13:00-15:00.