Følgjekort

Eit følgekort gir deg rett til å ha med ein følgeperson (ledsager) til dømes på kino, i svømmehallen eller på buss og tog. Følgepersonen slepp å betale for billetten sin.

Kven kan få følgekort?

Du kan få følgjekort dersom du har ein varig eller midlertidig funksjonsnedsetting og treng hjelp til å delta på aktivitetar i samfunnen eller på reiser.

Slik søkjer du

Du fyller ut ein kort grunngjeven søknad og legg ved 2 passfoto og legeerklæring. 

Søk om følgjekort (PDF, 338 kB)

Send søknaden til:

Høyanger kommune
v/helse og omsorg
Postboks 159
6991 Høyanger

Søknadsfrist

Det er ingen søknadsfrist for å søkje om følgjekort. Søknader vert handsama fortløpande.

Kva kostar det å få følgjekort?

Det kostar ingenting å få følgjekort. På arrangement eller offentleg transport kjøper du billett til ordinær pris, men du får ta med deg ein følgjeperson gratis der følgjekort vert akseptert.

Kva er eit følgjekort?

Følgekort er eit kort som viser at du treng følgeperson. Du bestemmer sjølv kven som skal vere følgeperson. Det treng ikkje vere same person kvar gong.

Følgjekortet er personleg, med bilete og underskrift. Det står på kortet kor lenge det er gyldig.

Kvar gjeld følgjekortet?

Følgjekortet skal gjelde i heile landet der arrangørar, transportselskap eller instutisjonar som krev inngangspengar har akseptert ordninga. Fordi kortet ikkje kan nyttast alle stadar, må du sjølv ofte undersøke om kortet vert akseptert på den aktuelle staden.

Kan du klage om du ikkje får innvilga søknaden?

Får du ikkje tilbod om følgjekort, gir vi deg ei grunngjeving for det. I svaret får du også informasjon om korleis du kan klage og klagefrist.

Inga Flæthe
sekretær sjukeheimar
E-post
Telefon 57 71 16 04