Parkeringskort

Parkeringskort for rørslehemma skal sikre at du som treng parkeringslette, kan parkere på tilgjengelege parkeringsplassar merka for rørslehemma. Slike parkeringsplassar er utan avgift.

Kven kan få tilbodet?

For å søke om parkeringskort, må du ha ei rørslehemming. Du må ha legeerklæring som dokumenterer at du ikkje kan gå eller har store vanskar med å gå over lengre avstander. Du må kunne dokumentere behov for å parkere ved bustad, arbeid, legebesøk og andre aktivitetar.

Slik søker du

Du kan søke om parkeringskort både om du køyrer sjølv eller om du er avhengig av å bli køyrd av andre. Ta kontakt med Høyanger kommune ved tenesteområde helse og omsorg for søknadsskjema.

Vedlegg du må legge ved søknaden:

  1. Passfoto
  2. Kopi av førarkort dersom du søker som sjåfør.
  3. Legeerklæring som dokumenterer at du ikkje kan gå eller har store vanskar med å bevege deg over lengre avstander.

Send søknad til:

Høyanger kommune
Postboks 159
6991 Høyanger

Søknadsfrist

Det er ikkje søknadsfrist. Søknader vert handsama fortløpande.

Kva får du?

Du får eit kort med namnet ditt og eit bilete av deg på. Du kan bruke då bruke kortet i ulike bilar og parkere på stader som er merka for rørslehemma. Parkeringsbeviset er personleg og følgjer deg, ikkje bilen.

Å få parkeringskort er gratis

Du finn meir informasjon om parkeringskort på vegvesenet si heimeside

Kor lang tid tek det å handsame søknaden?

Søknaden vert handsama så raskt som råd, og du får vanlegvis svar innan to veker.

Kan du klage om du ikkje får innvilga søknaden?

Dersom du får avslag, kan du klage på vedtaket. Informasjon om klage kjem fram i vedtaksbrevet.

Forskrift

Inga Flæthe
sekretær sjukeheimar
E-post
Telefon 57 71 16 04