Pakkeforløpet for psykisk helse og rus

Pakkeforløpa skal sikre at alle har lik rett til behandling, uavhengig av kor i landet ein bur. Pakkeforløpa skal gje heilskapleg behandling, sikre kontinuitet gjennom heile behandlingsløpet og sørge for samhandling og koordinerte tenester både før, under og etter pakkeforløp i spesialisthelsetenesta.

Korleis fungerer eit pakkeforløp?

Eit pakkeforløp startar ved at fastlegen sender ei tilvisning til spesialisthelsetenesta. Høyanger kommune har ansvar for å sikre at du får nødvendig oppfølging medan du ventar på eventuell behandling frå spesialisthelsetenesta. 

Når spesialisthelsetenesta har gjort ein vurdering og du har rett til helsehjelp, vil du få eit brev med innkalling til samtale. Vidare planlegging av utredning og behandling vil skje i samarbeid med deg. Dersom det blir vurdert at du ikkje har rett til helsehjelp, vil du motta eit brev med begrunning for avslaget.

Det vil vere forløpskoordinatorar i både kommune- og spesialisthelsetenesta, som skal samarbeide.

I Høyanger kommune

For personar som allereie har ein fagperson med tett relasjon i kommunen, er det naturleg at denne blir koordinator.

Koordinator i kommunen har ansvar for å informere og gi råd til pasient og eventuelt pårørande om pakkeforløp psykisk helse og rus. Koordinator skal sikre god samhandling mellom aktørane i helsetenesta og  heilskapleg oppfølging av pasienten med utgangspunkt i pasienten sine mål, ressursar og behov.

Meir informasjon