Psykisk helseteam for vaksne

Psykisk helseteam har ein kommunedekkande funksjon. Eininga skal gi koordinerte og samordna tenester, og skal jobbe for den enkelte sin livskvalitet og verdigheit.

Kven kan nytte psykisk helseteam?

Psykisk helseteam er eit tilbod til personar med moderate til alvorlege psykiske og/eller rusrelaterte plager som treng langvarig oppfølging.

Slik når du oss

For å kome i kontakt med psykisk helseteam, kan du sjølv kontakte tenesta på dagtid på mobil 979 98 976 eller 459 70 830 eller få tilvising frå lege eller andre instansar du er i kontakt med.

Fyll ut og kryss av i  søknadsskjema for dei tenestene som er aktuelle for deg. (PDF, 51 kB)

Søknadsfrist

Det er ingen søknadsfrist. Det er fortløpande inntak til tenesta.

Saksgang og klage

Etter tilvising frå lege, vil du bli kontakta av psykisk helseteam for svar på tilvising og et eventuelt tilbod.

Du kan klage på vedtaket innan ein frist på fire veker frå du mottok brevet. Grunngje kvifor du klagar. 

Dersom kommunen ikkje finn å kunne endre vedtaket, blir saka sendt vidare til Statsforvalteren som siste klageinstans. 

Pris

Tenesta er gratis

Meir om tenesta

Psykisk helseteam skal gje koordinerte og samordna tenester, og skal jobbe for den enkelte sin livskvalitet og verdigheit. Psykisk helseteam består av sjukepleiarar, sosionom og psykolog. Teamet skal tilby ei heilskapleg teneste utifrå den enkelte sine behov. For å gje best mogeleg hjelp kan samarbeid med andre tenester vere naudsynt.

Personalet kan etter avtale opprette eit samarbeid med andre tenester i kommunen, mellom anna lege, psykolog eller NAV.

Tenesta kan mellom anna tilby:

  • Individuell oppfølging
  • Koordinering av tenestetilbod
  • Individuell plan
  • Ansvarsgruppe
  • Støttesamtalar
  • Råd og rettleiing

Rusførebyggjande arbeid er óg ein del av tenesta

Etter kontakt med rusomsorga i over 3 månader, kan du ha rett til gratis tannhelseteneste.

Tenesta er ikkje eit akuttilbod. For akutt hjelp, kontakt 113/fastlege/legevakt (116 117)

Lover og reglar

Pasient og brukarrettigheitslova
Helsepersonelllova
Helse- og omsorgstenestelova