Flyktningar frå Ukraina

Høyanger kommune er klar til å busette flyktningar frå Ukraina på kort varsel.  Vi har brukt eigne bustader men  framover treng vil hjelp frå den private marknaden. Vi legg til rette for dei tenestene og tilboda som mottak av flyktningar krev. 

Høyanger kommune mottok 30 flyktningar i 2022 og har gjort vedtak om å ta imot nye 30 flyktningar i 2023.  

Registrering av flyktningar frå Ukraina

Det er politiet som har ansvar for registrering av flyktningar (søknad om beskyttelse (asyl)). Det er nøkkelen til å få rett til helsehjelp, økonomisk støtte, mottak/akuttinnkvartering, barnehage, skule, språkopplæring og busetting i kommunane.

Førde Politistasjon registrerer alle flyktningar som kjem til Sogn og Fjordane. Er du komen til Høyanger må du først ta kontakt med Høyanger politistasjon for ei preregistrering. Deretter får du timeavtale for sjølve registreringa av asylsøknad ved Førde Politistasjon. Registreringa må skje på dagtid mandag til fredag 09:00-15:00. I Førde er det ikkje tilbod om innkvartering i samband med registreringa. Flyktningar som ikkje har ordna eigen/privat innkvartering må reise til Scandic Kokstad i Bergen for å registrere seg der.

Du må ta kontakt med Integreringstenesta i Høyanger kommune for også å registrere deg der, dersom dette ikkje er gjort tidlegare.

Vest politidistrikt kan registrere asylsøknader til ukrainarar som allereie er komne til fylket. Det skjer på Thon Hotel Bergen Airport (Kokstad).

I tillegg er det ordna slik at personar utan overnattingsstad kan innkvarterast ved hotell Scandic Kokstad.

Ved ankomst Noreg skjer normalt all registrering av flyktningar på Nasjonalt ankomstsenter ved Råde (NAS). Difor må t.d. bussar som hentar flyktningar på eige initiativ sluse dei inn i landet den vegen.

Informasjon frå politiet om Krigen i Ukraina

https://www.politiet.no/tjenester/opphold-i-norge-og-asyl/ukraina/

Søke om mellombels alternativ mottaksplass for ukrainarar

UDI har eiga søknadsordning for ukrainarar som har mellombels alternativ mottaksplass.  

Ordninga gjeld for ukrainarar som er i målgruppa for kollektiv beskyttelse, og som førebels har bustad i ein kommune. Ordninga er frivilleg for kommunen. 

Slik søker ukrainske borgere kollektiv beskyttelse i Norge

Slik søker ukrainske borgere kollektiv beskyttelse i Norge – Ukrainsk 

 

Snakkar du ukrainsk eller russisk?

Høyanger kommune vil ha behov for folk som snakker ukrainsk eller russisk og som kan bidra når kommunen skal motta og busette flyktningar frå Ukraina.
Snakkar du ukrainsk eller russisk og kan tenke deg å hjelpe oss med dette, så ber vi om at du fyller ut skjemaet under. Innmeldinga er ikkje bindande for deg eller for oss. Vi tar kontakt med deg om/når det er aktuelt.  
Registreringsskjema

 

Integreringstenesta i Høyanger kommune:

Leiar: Anita Nordheim, telefon 95 92 24 34
Koordinator: Elias Zimmermann Espeseth, telefon 99 21 93 43
Koordinator: Frida Valsvik Offerdal, telefon 99 21 94 06
 

Sjå meir informasjon på integreringstenesta si side

Du finn meir informasjon på desse nettsidene:

Informasjon frå UDI om krisa i Ukraina
Informasjon frå politiet om situasjonen i Ukraina
Informasjon frå regjeringa om situasjonen i Ukraina
Krisa i Ukraina og ytingar frå NAV
Helsehjelp for asylsøkarar og flyktningar i Noreg 
Надання медичної допомоги шукачам притулку та біженцям у Норвегії
Медицинская помощь просителям убежища и беженцам в Норвегии
Informasjon på eige språk
Kjæledyr frå Ukraina/Pets from Ukraine