Velkommen til Høyanger!

Velkommen til ein levande, variert og energisk kommune, sjå film frå kommunen.  

Vi kan tilby eit godt oppvekstmiljø, ei aktiv fritid med spanande aktivitetar og eit næringsliv i utvikling og vekst.

Som besøkande eller som ny innbyggar fins det truleg ein del spørsmål du ønsker svar på. Nokre svar finn du på nettsidene våre, men du er også velkommen til å kontakte sentralbord/resepsjon på rådhuset om du har fleire spørsmål. Telefon 57 71 15 00 og vi held til i August Gunnarskogsgate 1. 

Ein plass å bu?

Høyanger kommune har ledige husvære for leige eller sal i Hjetlandsbakkane burettslag, Høgebakkane, Dalebøen burettslag og Kyrre Greppsgate. Ta gjerne ein uformell kontakt med Tenesteeining drift og vedlikehald v/Randi Norevik telefon: 57 71 15 35 om du lurer på moglegheita for å leige eller kjøpe.

Andre husvære for sal eller leige finn du i hovudsak i papirutgåva av lokalavisa Ytre Sogn, eller på:
www.finn.no
www.eigedomsmekling.no/eigedommar/

 

På jakt etter jobb?

Næringslivet i Høyanger kommune er i utvikling og vekst. Flesteparten av arbeidsplassane i kommunen finner ein innanfor offentleg sektor, industri og ulike tenesteleverandørar til industrisektoren. Kommunen har også ei vekst innanfor offshorerelatert verksemd, akvakultur, transport, IKT og anleggsverksemd.

Både offentlege og private verksemder i Høyanger kommune har mål om kompetanseheving. Ein av strategiane er rekruttering utanfrå. 

Ledige stillingar publiserast på via NAV. I mange samanhengar kan det lønne seg å kontakte den enkelte verksemd direkte. Du kan også kontakte Høyanger Næringsutvikling. 

 

Barnehage-/skuleplass ?

Høyanger kommune ønsker at barn og unge skal ha så gode oppvekstvilkår som råd, gjennom gode barnehage-, skule- og fritidstilbod. Høyanger kommune har barnehagar i Høyanger, Kyrkjebø, Vadheim, Lavik og Bjordal, tilsaman seks.

Høyanger har valt å halde fast ved ein desentralisert skulestruktur. Vi har grunnskule i Høyanger, Kyrkjebø, Vadheim, Lavik og i Bjordal.  Alle skulane har tilbod om skulefritidsordning (SFO).

Gjennom eit rikt lag- og organisasjonsmiljø er det gode fritidstilbod til barn, ungdom og vaksne i Høyanger kommune.
 

Korleis komme til Høyanger?

Næraste flyplass er Førde Lufthavn ca 50 km (40 minutt i bil) frå Høyanger tettstad. Her kan du sjekke flyavgangar hos www.wideroe.no


Det er ekspressbåtsamband dagleg tur/retur Noreide - Lavik - Bergen. Nærare informasjon om rutetider finn du her.


Ekspressbussane mellom Bergen-Trondheim trafikkerer E39 Vadheim-Lavik dagleg. Høyanger kan også nåast med ekspressbussane som trafikkerer mellom Oslo og Sogn og Fjordane dagleg.
Regionale/Nasjonale ruter 
Lokale ruter


Filmar som presenterer Høyanger

 

A Great place to be

Her er ein presentasjon av Høyanger på engelsk. Høyanger-amerikanaren Dan Longfellow fortel om då den moderne tida kom til Høyanger, med vasskraft og aluminiumsproduksjon, på starten av 1900-talet. Reisa held fram til idag; ein moderne småby i trygge omgjevnader, med eit moderne næringsliv. Filmen fekk ei lita oppdatering i 2010.

 

Industristaden Høyanger - 100 års jubileet

Sjå filmen frå feiringa av industristaden Høyanger sitt 100 års jubileum her


Nasjonaldagen i 2020

Under koronapandemien gjennomførte vi digital feiring av nasjonaldagen, 17. mai 2020.