Politisk styring

Ordførar og varaordførar for Høyanger kommune vart valde av kommunestyret torsdag 1. oktober 2019. 

Ordførar i Høyanger kommune

Stig H. Øvreås/Finurlig Petter Sortland (AP) 
Ordførar
E-post: petter.sortland@hoyanger.kommune.no
Telefon: 911 64 546


Petter Sortland (AP) vart 01.10.2019 attvald som ordførar i Høyanger kommune.  

Petter Sortland (fødd 1961) er opphavleg frå Årdal, men har budd i Høyanger sidan 1991. Sortland har sidan han kom til Høyanger vore næringssjef i Høyanger kommune gjennom sitt virke som dagleg leiar i Høyanger Næringsutvikling AS (HNU). Ei stilling han hadde frå april 1991 til han vart ordførar i oktober 2011. 

Petter Sortland er utdanna ved HSF i Sogndal, med grunnfag i samfunnsfag frå 1981, og DH kandidat i økonomi- og administrative fag (øk/adm) frå 1985. Han har vore faglærar ved Årdal Vidaregåande skule (1985-87) og avdelingsleiar i Sogn Sparedata AS (1987-91).

 

Varaordførar i Høyanger kommune 

Stig H. Øvreås/Finurlig  

 

Geir Helge Østerbø (SP)
Varaordførar

E-post: gelle@osland.no
Telefon: 997 06 097

 

Geir Helge Østerbø representerer Senterpartiet og vart 01.10.2019 vald til varaordfører i Høyanger kommune. Han er inne i sin 6. periode som folkevald i Høyanger Kommune.