Bestilling - eksemplar av manntal
Parti og grupper som stiller liste ved valet har rett til eit gratis eksemplar av Høyanger kommune sitt manntal.
Det er mogleg å få tilgang til fleire manntalseksemplar om de dekkar kostnaden for dette.
De kan òg bestille uttrekk av velgarar sortert på krets og alder, til dømes ei oversikt over alle førstegongsvelgarar i ein stemmekrins eller heile kommunen.
Send bestillinga til postmottak@hoyanger.kommune.no, innan 31. juli 2025.
Behandling av manntalseksemplar
Det utleverte manntalet kan berre brukast til politiske føremål i samband med valet. Det er ikkje høve til å kople det utleverte manntalet mot andre datakjelder.
Partiet og gruppa som får utlevert manntalseksemplar eller uttrekk over bestemte grupper velgarar er sjølv behandlingsansvarleg etter personvernforordninga artikkel 4 nr. 7.
Parti og grupper som får utlevert manntal eller uttrekk over bestemte grupper velgarar skal sjølv sørge for at det som blir utlevert, og eventuelt behandla materiell, blir makulert og sletta. Dette skal skje når det ikkje lenger er nødvendig å oppbevare opplysningane, seinast innan to år frå materiellet vart utlevert.

Publisert 11.07.2025 13.52
Sist endra 11.07.2025 13.56