Førehandsstemme

Du kan førehandsstemme frå måndag 11. august til og med fredag 5. september. 

Du vel sjølv om du vil førehandsstemme eller stemme på valdagen, men du kan stemme berre ein gang. Stemmer du på førehand kan du ikkje stemme på nytt, heller ikkje på valdagen. 

Opningstid for førehandsstemming i Høyanger rådhus

  • Måndag til fredag frå 11. august til og med 29. august, klokka 10:00 - 14:00

 

Laurdag 30. august

Du kan førehandsstemme følgande stader denne dagen:

  • Nessane sambrukshus kl 10:00 - 11:30
  • Ortnevik grendahus kl 11:00 - 12:30
  • Høyanger samfunnshus kl 13:00 - 15:00
  • Ikjefjord bygdehus kl 14:00 - 15:00

 

Opningstid for førehandsstemming i Høyanger samfunnshus

  • Måndag 1. september til og med fredag 5. september kl 09:00 - 15:00

 

Førehandsstemming i institusjonar 

  • Sørsida Bygdetun tysdag 2. september kl 09:30-10:30
  • Lavik helsesenter tysdag 2. september kl 12:15-13:15
  • Kyrkjebø sjukeheim tysdag 2. september kl 14:00-15:00
  • Høyanger sjukeheim onsdag 3. september kl 12:00-14:00
     

Tilsette ved institusjonane og andre som ønsker å avgi førehansstemme kan gjere det på institusjonane. 

 

Hugs gyldig legitimasjon!

Du må ha med legitimasjon når du skal stemme. Møter du opp i vallokalet utan legitimasjon og du er ukjend for stemmemottakar, får du ikkje stemme. Legitimasjon kan vere pass, nasjonalt ID-kort, førarkort (også digitalt) eller bankkort med bilde.

 

Stemme heime

Dersom du er sjuk eller ufør, og ikkje kan stemme i eit vallokale, kan du søke om å stemme heime eller der du oppheld deg. Du må søke innan torsdag 4. september kl 12:00 ved å ringe tlf 57711500 eller sende epost til postmottak@hoyanger.kommune.no.

 

Bur du utanfor Høyanger kommune?

På nettsida til valgdirektoratet finn du oppdatert informasjon om kvar du kan stemme i andre kommunar.