Manntalet er ei oversikt over kven som har stemmerett i kommunen.
Manntalet vert oppdatert av Folkeregisteret og du vert automatisk ført inn i manntalet i den kommunen du er folkeregistrert som busett i per 30. juni 2025.
Du kan førehandsstemme i kva kommune som helst, men skal du stemme på valdagen måndag 8. september må du gjere det i eit vallokale i kommunen du er manntalsført i.
Utleggingsmanntal - offentleg ettersyn
Manntalet for Høyanger kommune er lagt ut til offentleg ettersyn på Høyanger rådhus, resepsjonen, måndag – fredag kl 10:00 – 15:00.
Skal du flytte?
Flytter du til ein annan kommune må du melde flytting til folkeregisteret innan 30. juni for å bli ført inn i manntalet i den nye kommunen. Flyttar du til ein annan kommune etter denne datoen står du i manntalet i kommunen du flyttar frå.
Bur du i utlandet?
Dersom du bur i utlandet, men har vore folkeregistrert som busett i Noreg i løpet av dei siste 10 åra, blir du automatisk ført inn i manntalet i kommunen du var registrert som busett i då du flytta frå Noreg.
Dersom du ikkje har vore registrert busett i Noreg dei siste 10 åra, blir stemmegjevinga di rekna som søknad om innføring i manntalet.
Tilsette i diplomatiet eller konsulatvesenet og deira familiemedlemer, som aldri har vore registrert som busette i Noreg, førast inn i manntalet i Oslo kommune.