Miljøsertifisering av barnehagar

Miljøfyrtårn er eit sertifikat for verksemder som ønskjer å dokumentere miljøinnsats og vise samfunnsansvar.
Lavik, Kyrkjebø, Olderdalen og Hjetland barnehagar, er sertifisert som miljøfyrtårn-verksemder. Desse fire barnehagane vart nyleg resertifisert etter nye bransjekrav for perioden 2024-2027. Bransjekrava i miljøsertifiseringa er mange og omfattande.
I programmet til Miljøfyrtårnet blir det fokusert både på arbeidsmiljø og det ytre miljøet (avfall, transport, energi, osb.). Målet med miljøarbeidet er at barna skal få kunnskap om, erfaringar med, og forståing rundt: Naturen sitt kretslaup og mangfald, kjeldesortering, gjenbruk, forbruk og energi, såing og hausting.
Miljøarbeidet skal leggast til rette i eit pedagogisk opplegg etter barna sin alder og modning. Vi ynskjer at barnehagen og heimen skal jobbe saman for å bli gode miljøarbeidarar. Vi jobbar for å minke bruken av plast, bli betre på å gå og sykle til barnehagen, og auke andel av økologisk mat i barnehagen.
Informasjon om miljøfyrtårn-kommunar
Publisert 21.06.2024 09.29
Sist endra 18.09.2024 22.08