Bortebuarstipend for skuleåret 2024/2025

Høyanger kommune gir bortebuarstipend til elevar ved Høyanger vidaregåande skule som:

  •  må bu på hybel
  • har ungdomsrett
  • får inntaksområdepoeng til skulen

Retningsliner for stipendordninga:

  1. Høyanger kommune yter for skuleåret 2024/2025 totalt kr. 100.000 til stipend til elevar som vil gå på Høyanger vidaregåande skule, og må bu på hybel. Stipendordninga skal gjelde for elevar med ungdomsrett, og som har rett til inntaksområdepoeng til Høyanger vidaregåande skule. 
  2. Stipendet gjeld for elevar som ikkje dagleg kan nytte seg av offentleg transport til og frå heimen.
  3. Stipendet på kr 100.000 vert delt likt mellom søkarane. Kvar elev kan likevel ikkje motta meir enn 10.000 kr i stipend frå kommunen pr skuleår.
  4. Tildeling av kvart enkelt stipend vert gjort av kommunedirektøren etter søknad frå eleven.
  5. Søknadsfrist er 1. september kvart skuleår. Skriv i søknaden kva plasstilbod du har fått.
  6. Stipendet blir utbetalt to gonger i skuleåret. Dato for utbetaling er 1. november og 1. mars. 
  7. Kommunen kan krevje stipend tilbakebetalt dersom eleven ikkje fullfører skuleåret.

 

Søk digitalt her

 

Elevar som bur heime:

Elevar i vidaregåande skule som bur seks kilometer eller meir frå skulen, har rett til gratis skyss eller full skyssgodtgjersle. Når eleven har rett på skyss, men ikkje har eit tilgjengeleg og akseptabelt reisetilbod, har elevane rett på eit tilrettelagt skysstilbod eller få full skyssgodtgjersle.

 

Høyanger vidaregåande skule

 

Er lokalisert i kommunesenteret Høyanger.

Du kan lese meir om skulen og studietilbodet her.

Inntaksreglar og opplæringsrett

Ingrid Sviggum Håre
konsulent
E-post
Telefon 57 71 15 64
Mobil 46 88 28 10