Alle elevar har rett til eit trygt og godt skulemiljø som fremjar helse, trivsel, inkludering og læring. Eit godt skulemiljø handlar om at elevane kjenner seg trygge, opplever tilhøyrsle og blir møtte med respekt av både medelevar og tilsette.
Eit trygt og godt skulemiljø inneber at elevane ikkje blir utsette for mobbing, vald, diskriminering, trakassering eller andre krenkingar. Krenkingar kan vere både fysiske, verbale, digitale eller sosiale, til dømes utestenging frå fellesskapet.
Det er eleven si oppleving av skulemiljøet som er utgangspunktet når skulen vurderer om ein elev har det trygt og godt. Dersom ein elev seier at han eller ho ikkje har det bra på skulen, skal skulen ta dette på alvor, undersøkje saka og vurdere kva tiltak som er nødvendige.
Eit trygt og godt skulemiljø handlar òg om det som skjer kvar dag – gode relasjonar, inkluderande klassemiljø, tydelege vaksne og ein skulekultur der alle elevar opplever å høyre til og bli tekne på alvor.
Lenke til opplæringslova kapittel 12