Fastlege, spesialist eller anna helsepersonell kan fylle ut ein frisklivsresept til deg som ønskjer hjelp og støtte til å endra vanar knytt til fysisk aktivitet og kosthald.
Ein frisklivsresept fungerer som ein tilvising til Frisklivssentralen Høyanger. Du kan skrive den ut og ta med frisklivsresepten til lege for utfylling, eller be lege om å skrive den ut.
Levere frisklivsresept:
Fysisk levering:
Du kan sjølv levere resepten fysisk til Frisklivssentralen eller i posthylla i 1U på helsesenteret.
Post:
Du kan sende resepten i vanleg post til adresse:
Høyanger kommune - Frisklivssentralen Høyanger
Storgata 8, 6993 Høyanger
Lege kan også sende via journalsystem
Kva skjer vidare?
Når frisklivsresepten er registrert vil du bli kontakta og få tilbod om ein helsesamtale. Saman vurderer vi kva tilbod som er det rette for deg, og utarbeider ein plan og mål for endringane du vil gjera. Dersom vi ser at du har behov for eit anna tenestetilbod gjev vi deg nødvendig informasjon.
Oppfølging på frisklivsresept varar i 3 månadar. Du vil få tilbod om ein samtale ved slutten av oppfølgingsperioden.
Det blir gitt tilbakemelding til fastlege/tilvisar etter deltaking på kurs og treningstilbod hos oss. Dette gir høve for god oppfølging av helsesituasjonen din.
Frisklivsresept.pdf (PDF, 102 kB)
Publisert 22.10.2026 10:18
Sist endra 22.10.2026 13:33