Fysioterapeutar med kommunal avtale

Høyanger kommune har driftsavtale med tre privatpraktiserande fysioterapeutar som er lokaliserte i August Gunnarskogsgate 2 i Høyanger.

Du kan ta direkte kontakt med den fysioterapeuten du ønskjer å gå til, og etter ei lovendring 1. januar 2018 er det ikkje lenger nødvendig med tilvising frå lege. Det vert likevel tilrådd at du har ein god dialog med fastlegen din om helsa di.

Du må pårekne noko ventetid for å komme til hos privatpraktiserande fysioterapeut med driftsavtale.

Fysioterapeutar med kommunal driftsavtale i Høyanger kommune

Fysioterapeutar med kommunal driftsavtale i Høyanger kommune
FirmaTelefonAdresseFysioterapeut
Thorbjørnsen fysioterapi951 07 288August Gunnarskogs gate 2, 6993 HøyangerVilde Thorbjørnsen
Linda Viken Fysioterapi952 09 503August Gunnarskogs gate 2, 6993 HøyangerLinda Merethe Viken
Fysioterapipraksis Line Senneset Råheim913 93 095August Gunnarskogs gate 2, 6993 HøyangerLine Senneseth Råheim

Om betaling og eigendel

For å få trygderefusjon for fysioterapioppfølging, må du anten gå til kommunalt tilsett fysioterapeut, eller til fysioterapeut som har driftsavtale med Høyanger kommune.

Du betaler ein offentleg fastsett eigendel for fysioterapioppfølginga.

Frikort for helsetenester får du når du har betalt over eit visst beløp i eigendelar.

Barn under 16 år og personar med godkjent yrkesskade skal ikkje betale eigendel hos fysioterapeut med driftsavtale.