Støttekontakt

Støttekontakt er eit tilbod til personar som har behov sosialt samvær eller støtte for å delta i aktivitetar utanfor heimen.

Kven kan få tilbodet?

Barn og vaksne som har behov for å få hjelp til å ha eit sosialt liv og ei meiningsfull fritid.

Kva får du?

Støttekontakt er ein person som kan hjelpe deg gjennom sosialt samvær eller følge deg til ulike fritidsaktivitetar. Støttekontakten kan vere med deg å gå turar, gå på kafé, kino, trening eller andre sosiale aktivitetar. Hjelpa vert gitt etter dine ønsker.

Støttekontakten treng ikkje ha fagleg bakgrunn, men vil kunne få råd og rettleiing av rettleiar med fagkompetanse.

Slik søker du

  • Du må sende ein skriftleg signert søknad. Du brukar felles søknadsskjema for helse- og omsorgstenester for å søke om støttekontakt: 
    Søk om støttekontakt - papirskjema
  • Dersom nokon hjelper deg med å fylle ut søknaden, må du samstundes fylle ut ei skriftleg fullmakt og sende den med søknaden: 
    Fullmaktskjema (PDF, 158 kB)

Send søknad til:

Høyanger kommune
Tiltaksteam
Postboks 159
6991 Høyanger

Kva kostar det?

Tenesta er gratis, men utgifter til aktivitar må du dekke sjølv.

Du kan ha rett til følgjekort, som gjer at støttekontakten din får gratis eller billegare inngang mange stader.

Korleis blir søknaden handsama og kor lang tid tek det?

  • Når du søker om helse- og omsorgstenester er det Tiltaksteamet som handsamar søknaden.
  • Tiltaksteamet handsamar søknaden så raskt som mogleg. Dersom søknaden ikkje kan avgjerast innan ein månad, sender vi ei skriftleg melding om grunnen til det.

Kan du klage på vedtaket?

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på fire veker frå du fekk brevet. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Dersom kommunen lar vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Statsforvaltaren i Vestland som siste klageinstans.