Helsestasjon for ungdom

Informasjon om sommaren 2026: 

Helsestasjon for ungdom (HFU) held stengt i skuleferiane. Har du behov for hjelp i laupet av sommarferien kan du ta kontakt med oss på 577 11 612 mandag - fredag. 
HFU held heilt stengt i veke 28-29. 
 

Helsestasjon for ungdom (HFU) er eit gratis helsetilbod for ungdom opp til 25 år.  Her møter du både helsesjukepleiar, jordmor og lege. Du får råd og rettleiing av oss som er på helsestasjonen, eller vi kan vise deg vidare til fastlege eller spesialist ved behov.  Alle du møter på helsestasjonen har teieplikt.  

Helsestasjon for ungdom skal ikkje erstatte fastlegen eller skulehelsetenesta. Er du sjuk eller det er noko med sjukdom og helse som treng oppfølging, skal du gå til fastlegen. 

Nyttige nettstadar

Høyanger helsestasjon
kontortelefon
Telefon 57 71 16 12