Brøyting

Kommunen har ansvar for det kommunale vegnettet med tilhøyrande gang- og sykkelvegar. Vegane skal vere opne for trafikk til ei kvar tid, men standarden kan variere i døgnet, då kommunen ikkje har nattbrøyting.

Meld i frå

Meldingar til Høyanger kommune går til teknisk vakt på mobil 992 19 401.

Brøyting på kommunale vegar startar når det er ca. 10 cm snø i vegbana. Kommunen er delt i mange brøyteroder, der snøryddinga er delt mellom kommunen og nokre private som er innleigd av kommunen. 

Sandstrøing vert utført etter behov. 

 

Strøsand

Høyanger kommune vil også i vinter førebyggje ulykker blant eldre med å dele ut gratis strøsand. Målgruppa er dei som er 67 år eller eldre, men uføre vil også kunne bli omfatta av denne ordninga (særskilt vurdering i kvart tilfelle).

Strøsanden må hentast ved utestasjonen i Høyanger (ta med bøtte). I særskilte tilfelle kan Høyanger kommune levere bøtte med sand direkte på døra til folk som ikkje er i stand til å hente sjølv. Dette må i tilfelle avklarast med Helse og omsorg.

Eldre og uføre i Lavik og Vadheim kan hente sand ved utestasjonen i Vadheim, ta evt. kontakt med utestasjonen.

 

Snø i innkøyrsle

Brøytekanten som naturleg vert når brøytebil passerar din eigedom, vert ikkje rydda vekk av kommunen. Snø i innkjørsla/ tilkomst må eigar av eigedomen sjølv fjerne, jamfør veglova.

 

Desse brøyter for Høyanger kommune

Ved behov for privat brøyting, kontakt entreprenør direkte.

Brøyting
OmrådeEntreprenørMobil
Nessane/KoldingsnesPer Ivar Nesse901 22 083
Høyanger sentrumEige personell992 19 401
Kyrkjebø/BergeEinar Ljotebø913 90 120
Vadheim/NorevikaneEige personell992 19 401
Torvund/AvenOddvar Torvund477 10 247
Lavik/BosdalAnt Inge Bosdal913 31 645
LavikdalHenry Solheim952 41 503
IkjefjordBjarte Myren/Norvald Årnes957 65 371/481 82 476
Bjordal/Søreide/ØsterbøRichard Dørhellen415 51 564
DyrdalJan Egil Nygård905 03 824
OrtnevikErlend Brekke481 41 983
Geir Øyvind Hovlandsdal
Driftsleiar Utestasjon
E-post
Telefon 57 71 15 95
Mobil 99 40 39 62