Odd Arild Løseth
Kva er Friskus og korleis kan du nytta deg av tenesta?
Digitalt verktøy for aktivitetar og frivillige oppdrag- nær deg!
- Finn aktivitetar og arrangement
- Bli frivillig
- Få oversikt over lag og organisasjonar
Målet er å nå ut til flest mogleg, slik at alle som ønsker det, kan vere aktive og ta del i det som skjer i kommunen.
- Gå inn på Friskus her
- Trykk på "Logg inn" oppe til høgre på sida for å lage deg brukarkonto.
- Legg inn ditt mobilnummer og trykk "registrer". Fyll inn dine opplysningar og du er i gang!
- Vel Høyanger i aktivitetskalenderen og du vil sjå aktivitetane i kommunen.
På Friskus kan du vise fram aktivitetar, koordinere og rekruttere - alt på ein plass, saman med andre.
Du kan bruke Friskus i alle nettlesarar bortsett frå Explorer. Google Chrome fungerer aller best.
- Gå inn på Høyanger friskus her
- Trykk på BLI ARRANGØR.
- Lag deg ein personleg brukarkonto (sjå over), og fyll inn opplysningar om organisasjonen du representerer for å lage arrangørside.
- Oversikt. Ein interaktiv aktivitetskalender med oversikt over alle arrangement og frivillig-oppdrag i heile kommunen – alt samla på ein plass
- Gruppefellesskap. Gjer det enkelt for alle og finne å delta på meiningsfylte aktivitetar. Det er enkelt å ta oppdrag og gjere ein innsats for andre – dette gir verdi for dei som gir og dei som får.
Kjelde
- Enkel administrasjon. Oppretting av faste aktivitetar, enkeltvise arrangement og oversikt over deltakarar.
- Eige meldingssystem. Arrangør kan kontakte deltakarar, og halda jamnleg kontakt med medlemar/frivillige.
- Kvalitetssikring. Eigne «sertifikat» for gruppemedlemar, slik at du kan kvalitetssikre deltakarar dersom det trengs teieplikt eller politiattest for å stille på oppdrag.
Du får: - Enkel oppretting av aktivitetar og frivillige oppdrag.
- Marknadsføring saman med resten av kommunen sine aktivitetar.
- Verktøy for administrering og rekruttering til frivillige oppdrag.
- Unikt gruppeverktøy for oppfølging og koordinering.
- Forenkla publisering. Aktivitetar som går fast kvar veke/månad kan settast som gjentakande ut året.
- Meldingssystem. Enkel kommunikasjon med medlemar og frivillige.
- Auka synlegheit. Gjer innbyggarane trygg på kven laget, organisasjonen eller foreininga er.
- Elektronisk medlemsregister. Du kan digitalt registrere og fornye teieplikt, politiattest osb.
- Statistikk over aktivitetar og påmelde.
- Automatisk varsel til medlemar om deira aktivitetar.
Spel på lag med andre organisasjonar i kommunen, og synleggjer tilbodet ditt. No slepp du å leite på fleire ulike plattformer – innbyggarane finn deg enkelt i ein felles kalender!
- Tverrsektorielt samarbeid. Rekruttering, koordinering av arrangement og frivillig aktivitet vert gjort på ein plass.
- Meir effektiv bruk av ressursar og betre samarbeid med lag og organisasjonar. Friskus forenklar arbeidskvardagen for alle som jobbar med aktivisering, aktivitetstilbod, kulturtilbod, oppfølging, integrering og inkludering.
- Høyanger kommune 3.0: Samskapingskommunen. Vi bestemmer i lag. “Kva kan vi få til i lag?”
- Auka livskvalitet for innbyggjarane. Verktøyet kan vere med på å hindre sosial ulikskap i helse, og stoppe negativ utvikling av einsemd og utanforskap.
Kjelde
Vi får:
- Tverrfagleg samhandlingsplattform for kommunikasjon på tvers av avdelingar eller kommunegrenser.
- Digital oversikt over kontaktpersonar til kommunen sine frivillige lag og organisasjonar.
- Aktivitetsoversikt og enkel påmelding til arrangement og frivillig-oppdrag.
- Gruppetilhøyrsle og oppfølgingsverktøy for alle kommunale avdelingar, frivillige lag og organisasjonar.
- Koordinering-, kommunikasjon- og styringsverktøy.
- Enkel plattform for å engasjere innbyggarar og gi kunnskap om kva som skjer i kommunen.
Kjelde
- Dei kan enkelt oppretta aktivitetar, arrangement og frivillige oppdrag, og vise innbyggarar når, kvar og kva som skal skje.
- Dei kan handtere den daglege drifta på ein plattform
- Frivilligsentralen får ei eiga gruppe, der dei kan følge opp frivillige, koordinere, skape tilhøyrsle og motivere.
Dei får:
- Enkel oppretting av aktivitetar og frivillige oppdrag.
- Marknadsføring saman med resten av kommunen sine aktivitetar.
- Verktøy for administrering og rekruttering til frivillige oppdrag.
- Unikt gruppeverktøy for oppfølging og koordinering.
- Forenkla publisering. Aktivitetar som går fast kvar veke/månad kan settast som gjentakande.
- Meldingssystem. Enkel kommunikasjon med medlemar og frivillige.
- Auka synlegheit. Frivilligsentralen kan vise seg fram og gjere innbyggarane trygg på kven dei er.
- Elektronisk medlemsregister. Dei kan digitalt registrere og fornye teieplikt, politiattest etc.
- Statistikk over aktivitetar og påmeldte.
- Automatisk varsel til medlemar om aktivitetane til Frivilligsentalen.
Kjelde
Publisert 18.12.2023 10.14
Sist endra 24.06.2024 13.48