Allemannsretten og bålbrenning

Allemannsretten gjev oss rett til å ferdast fritt når ein går tur i utmark og til å hauste av goda i naturen. Vi har og rett til å nytte båt, raste, bade, overnatte, sykle og ri langs stiar og vegar i utmarka.

Frå 15. april til 15. september er det generelt forbod mot bålbrenning i Noreg. I denne perioda er det, grunna fare for skog-, gras- og lyngbrannar, ikkje tillete å tenne bål i skogmark utan løyve frå den lokale brannsjefen

 

Allemannsretten gjev oss og nokre pliktar: 

  • Ta omsyn til utmarksnæringane.
  • Hugs å lukke alle grinder. 
  • Vis omsyn til andre brukarar av utmarka. 
  • Ikkje skade naturmiljøet.
  • Ikkje forstyrr dyr og fuglar, medrekna reir og ungar.
  • Hugs bandtvang for hund i perioden 1. april – 20 august, eller så lenge det er bufe på beite (utvida bandtvang t.o.m. 31. oktober)
  • Motorferdsel i utmark er ikkje tillate utan særskild løyve frå kommunen.
  • Det er ikkje tillate å tenne opp bål i skog og mark i tida 15. april – 15. september.

Meir om allemannsretten her.