Opptak av nye elevar
Vi tek inn nye elevar etter sommarferien og etter nyttår, men i nokre tilfelle kan det vere mogeleg å starte opplæring på anna tidspunkt. Ta kontakt med oss for nærare informasjon.
Opplæring til vaksne elevar med spesielle behov
Vaksne elevar med spesielle behov som treng spesialpedagogisk- og tilrettelagt hjelp innan opplæring, utvikling og vedlikehald av grunnleggande ferdigheiter. Tilbod blir gitt på bakgrunn av søknad og evt. tilråding frå PPT.
Norskopplæring til vaksne innvandrarar
Elevane er introduksjonsdeltakarar, arbeidsinnvandrarar, asylsøkjarar og familiesameinte.
Arbeidsinnvandrarar må betale for undervisninga, gjeldande sats kr. 50 pr time
Søknadsskjema, norsk/samfunnsfag 600 timar
Søknadsskjema, behovsprøvd norskopplæring
Søknadsskjema, betalingselev
Førebuande opplæring for vaksne - FOV
Førebuande opplæring for vaksne (FOV) er opplæring på nivået under vidaregående skule. Læreplanene for FOV erstatta læreplanverket i Kunnskapsløftet 2020 (LK20) i grunnskole for vaksne og forsøkslæreplanane i førebuande vaksenopplæring (FVO) 1. august 2024. FOV har læreplaner i følgende fag:
- norsk for språklige minoriteter
- norsk
- samfunnsfag
- naturfag
- matematikk
- engelsk
- grunnmodulen – grunnleggende lese- og skriveopplæring
Læreplanen i norsk for språklige minoriteter er en norskplan for de som skal lære norsk som andrespråk. Den er sidestilt med læreplanen i norsk, og opplæringen avsluttes med sluttvurdering og eksamen.
Les meir: Førebuande opplæring for vaksne
Søknadsskjema førebuande opplæring for vaksne