Althorn i Høyanger kulturskule

Elevane lærer grunnleggande speleteknikk på instrumentet sitt gjennom heile opplæringa både etter notar og gehør. Elevane vil få spele musikk innan mange ulike sjangrar, og lærestoff og sjanger vert bestemt i samråd med lærar.
Speleteknikken er forholdsvis lik på dei ulike messinginstrumenta. Det inneber at overgang frå eit messinginstrument til eit anna er nokså uproblematisk. Val av instrument innanfor messinggruppa avhenger derfor ofte av eleven sine fysiske forutsetnadar og korpsa sine behov i forhold til besetninga.

I undervisninga legg vi vekt på å utvikle speleglede, meistringsfølelse og elevens eigen musikalitet.

Anbefalt alder: 

frå 7/8 år

Undervisningsstader:

Bjordal
Lavik
Vadheim
Kyrkjebø
Høyanger

Skulepengar per halvår:

Elevkontingent  kr 1 200.

Organisering

Undervisninga er anten individuell eller i gruppe. Kvar elev har minimum 20 minutt speletime per veke. Vi tilrår at korpselevar har speletimar parallelt med speling i korps uansett nivå og alder. Dette inneber deltaking i toget på 17. mai og deltaking på ei rekke konsertar. Aktuelle korps å spele i er: Lavik skulemusikk, Vadheim skulemusikk, Kyrkjebø skule- og ungdomskorps og Høyanger skulemusikk

Kostnader/utstyr:

Kulturskulen har nokre instrument vi lånar ut, elles oppmodar vi om å ta kontakt med det lokale korpset for lån av instrument. Dersom ein ønsker å kjøpe sjølv gir vi gjerne råd.

Althorn ser ut som ein liten tuba og er stemt i Eb. Det har ein rund og varm klang og kan sjåast på som hjartet i brassband. Dette er fordi dei ofte har mellomstemmer som binder dei lyse instrumenta som kornett og flygelhorn saman med grovmessing. Althorn vert også nytta som eit solist instrument. I likheit med kornett, flygelhorn, bariton, euphonium og tuba har althorn ei konisk boring, som gjev rundt klang. Trompet og trombone har sylindrisk boring som gjev ein meir direkte klang.

Berømte personar som spelar althorn

Sheona White og Florian Rademacher Krogsæter.
 

Sjoerd Tolsma
kulturskulelærar
E-post
Mobil 90 80 01 28
Jason Burn
kulturskulelærar
E-post
Mobil 90 69 78 18