Klarinett i Høyanger kulturskule
Elevane lærer grunnleggande speleteknikk på instrumentet sitt gjennom heile opplæringa både etter notar og gehør. Elevane vil få spele musikk innan mange ulike sjangrar, og lærestoff og sjanger vert bestemt i samråd med lærar.
I undervisninga legg vi vekt på å utvikle speleglede, mestringsfølelse og elevens eigen musikalitet.
Anbefalt alder
7/8 år
Undervisningsstader
Høyanger skule
Kyrkjebø skule
Skulepengar per halvår
Elevkontingent 1.250,-
Organisering
Undervisninga er anten induviduell eller i gruppe. Kvar elev har minimum 20 minutt oppmøtetid per veke. Når elevane er komen opp eitt nivå kan ein i tillegg til kulturskulen prøve seg i det lokale skulekorpset. Dette innebærer deltaking i toget på 17.mai og deltaking på ei rekke konsertar. Vi tilrår at korpsmedlemmar har speletimar parallelt med speling i korps.
Om instrumentet
Cylindrisk, enkelt-rørbladinstrument.
Kostnadar
Kulturskulen har nokre instrument vi lånar ut, elles oppmodar vi om å ta kontakt med det lokale korpset for lån av instrument. Dersom ein ønskjer å kjøpe sjølv, rådgjev vi gjerne.
Ein god nybyrjarklarinett kostar ca. 7 000 kroner. Dyre proffinstrument kan koste opp til fleire 100.000 kroner.
Historie
Den moderne klarinetten blei utvikla i Frankrike med Böhms grepsystem omkring 1840 av klarinettisten Klosé og instrumentbyggaren Buffet.
Berømte personar som spelar klarinett
Martin Fröst, Andreas Ottensamer, Benny Goodman, Dieter Klöcker
Publisert 12.07.2022 11.50
Sist endra 09.08.2024 15.00