Elevane lærer grunnleggande speleteknikk på instrumentet sitt gjennom heile opplæringa både etter notar og gehør. Elevane vil få spele musikk innan mange ulike sjangre, og lærestoff og sjanger vert bestemt i samråd med lærar.
Speleteknikken er forholdsvis lik på dei ulike messinginstrumenta. Det innebærer at overgang frå eit messinginstrument til eit anna er nokså uproblematisk. Valg av instrument innafor messinggruppa avhenger derfor ofte av eleven sine fysiske forutsetningar og korpsene sine behov i forhold til besetningen.
I undervisninga legg vi vekt på å utvikle speleglede, mestringsfølelse og elevens eigen musikalitet.
Anbefalt alder:
8/9 år
Undervisningsstader:
Bjordal
Lavik
Vadheim
Kyrkjebø
Høyanger
Skulepengar per halvår:
Elevkontingent 1.200,-
Organisering:
Undervisninga er anten induviduell eller i mindre grupper. Kvar elev har minimum 20 minutt oppmøtetid per veke.
Om instrumentet:
Trombone eller trekkbasun er eit messingblåseinstrument som kling mørkare enn ein trompet og lysare enn ein tuba. Ein person som speler trombone vert kalla "trombonist".
Ordet trombone kjem frå det italienske ordet "tromba" som tyder trompet og "one" som er eit suffiks for stor. Såleis tyder trombone "stor trompet".
Den klassiske trombonen vert brukt i moderne orkester som janitsjakorps (medrekna militærkorps), brassband, storband og symfoniorkester. Han vert òg brukt i mindre besetningar som kammerorkester (trioar, kvartettar og kvintettar), og vert brukt i grupper som speler swing, jazz, salsa og ska.
Når elevane er komen opp eitt nivå kan ein i tillegg til kulturskulen prøve seg i det lokale skulekorpset. Dette innebærer deltaking i toget på 17.mai og deltaking på ei rekke konsertar. Å ta speletimar anbefaler vi parallelt med spel i skulekorps uansett nivå og alder.
Kostnadar:
Kulturskulen har nokre instrument vi lånar ut, elles oppmodar vi om å ta kontakt med det lokale korpset for lån av instrument. Dersom ein ønskjer å kjøpe sjølv, rådgjev vi gjerne.